SkiltGravegruppa på Innsida turar vidare i sitt sjølvpålagde korstog for betre skilting og god skiltkultur. Spalta er gamal, ja visst, men det kan verka som om trongen etter gode vegvisarar i livet enno ikkje er metta. Skiltspalta kviler difor ikkje denne
Gravegruppa på Innsida turar vidare i sitt sjølvpålagde korstog for betre skilting og god skiltkultur. Spalta er gamal, ja visst, men det kan verka som om trongen etter gode vegvisarar i livet enno ikkje er metta. Skiltspalta kviler difor ikkje denne gongen heller.
Me gir honnør til det flotte bakeriet i Mehamn, som er kjent for dei særeigne nydelege vardøværingane (ei kake). Det er stor merksemd kring matsvinn for tida. Slik er det òg i Mehamn. Butikkar og bakeri med ansvar har eit tilbod om nedsette varer, i staden for å kasta dei. Det bør vera klårt for alle som tittar innom i Mehamn sentrum, at det er dette wienerbrødet som er på tilbod. Nydeleg og lokalt baka. Held i mange dagar.
Dei to skilta me har med denne gongen, er noko ulike. Det eine er ein svært tydelege instruksjon med grafisk uttrykk, slik at alle skal skjøna kva ein skal gjera, uavhengig av språkkunnskapar. Det andre er frå ein restaurant der dei på japansk vis er heilt ærlege på kva dei serverer.
Sjå til Japan, er bodskapen på skiltfronten denne veka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.