Sjokkvite tennerSola skin og folk kastar dei dystre (svarte) vinterkleda, tar på seg noko lyseblått eller rosa, klipper håret og går med eitt på ein ny måte: med ansiktet opp mot himmelen (som er blå = granskande og distansert, ifølge fargelæra). Ein ser.

Her ein dag, då eg gjekk og song «Idas sommarvisa» til melodien av «Smells like teen spirit» (Nirvana) langs ein landeveg, gjekk eg på dette mennesket. Det får vere måte på vårkåtskap, sa eg. Men så kan det hende vedkommande var gravejournalist.
Her ein dag, då eg gjekk og song «Idas sommarvisa» til melodien av «Smells like teen spirit» (Nirvana) langs ein landeveg, gjekk eg på dette mennesket. Det får vere måte på vårkåtskap, sa eg. Men så kan det hende vedkommande var gravejournalist.
Publisert

Sola skin og folk kastar dei dystre (svarte) vinterkleda, tar på seg noko lyseblått eller rosa, klipper håret og går med eitt på ein ny måte: med ansiktet opp mot himmelen (som er blå = granskande og distansert, ifølge fargelæra). Ein ser. Vakre menn og kvinner går som gasellar/modellar og blottar tronge, kvite singletar, sjølv om det er ikkje er tjue grader, men åtte, og tatoveringar i alle slags fargar1. Ein ser spretne rumper overalt, mens rumpa ein sjølv har, dissar som aldri før, fordi ein går utan stillongs.

Og så ser ein seg i spegelen, og jo, ein blir eldre, mens andre blir yngre og yngre.

Då er det bra det finst hjelpemiddel i form av behandlingar og kremar, og det er bra ein går fem på når nokon tilbyr eit produkt som kan gjere livet betre2.

Du kan for eksempel få kjøpt ein ny type tannkrem som gjer tennene «sjokkvite», skal vi tru namnet, fordi han er «basert på arktisk lav og Actilux», eit stoff som «danner en usynlig barriere som blokkerer årsaker til gulning og aktiveres av naturlig lys». Eit LED-lys i korken «intensiverer effekten av Actilux».

Sjølv skulle eg berre kjapt innom eit apotek og kjøpe fluor då eg plutseleg stod med den nye vedundertannkremen i handa. Han hypnotiserte meg, viss det ikkje var den tilsette som hypnotiserte meg. Ho hadde vore på kurs, sa ho, og slo fast at magien verka, særleg om eg kjøpte fleire produkt i same serie.

Kvite tenner hadde ho òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement