Sett og høyrtNår ein må sitte og dra seg på venterom på sjukehus og slikt noko, er det ei trøyst at dei byr på lesestoff. Då eg følgde ein unge med armbrot til røntgen her ein dag, og måtte vente, las eg Se og Hør – ikkje KK, Kamille, Tara og Dine Penger,
Her ein dag for ein månads tid sidan, då eg søkte skogens ro for å få tenkt gjennom kva eg skulle servere til middag, kom eg over denne julenissen, og eg blei både skremd og sveitt: Det er straks jul, og tenk om folk begynner å kle seg ut som julenissen på halloween!?
Når ein må sitte og dra seg på venterom på sjukehus og slikt noko, er det ei trøyst at dei byr på lesestoff. Då eg følgde ein unge med armbrot til røntgen her ein dag, og måtte vente, las eg Se og Hør – ikkje KK, Kamille, Tara og Dine Penger, men bladet med det raraste i. For å underhalde ungen delte eg eitt og hitt med han.
– Høyr, sa eg. – Ari Behn er glad i å jakte og har ein fetisj for våpen. Han har rosa kjøkken, men er ikkje bipolar.
– Kven er Ari Behn?
– Han som var gift med Märtha Louise.
– Kven er ho, no igjen?
– Prinsessa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.