Ros til Rishøi

Publisert

Folk som har forstand på årstider, meiner at no er det sommar. Her i bokstova er me litt i tvil, men når definisjonen i diverse ordbøker seier at tidsrommet som femner om månadene juni, juli og august soknar til sommaren, så er det vel slik. I staden for å sjå på gradestokken og yppe strid mot sommaren vil boklækjaren straks blåse opp baderingen og ta på seg solhatten.

Ein som gjekk mykje med hatt, utan omsyn til årstida, var Olav H. Hauge. I band 4 av Dagbok 1924–1994, 3. juni 1981, skriv han: «Far mins hatt er litt liten for meg. Ikkje rart, han hadde ikkje so mange tåpelege tankar i hovudet.»

Ikkje nok med at det er sommar, sanneleg er det også kvitsunnhelg denne veka. Klok-redaksjonen nytter høvet til å ynskje alle lesarane ein strålande sommar og ei kosteleg kvitsunn.

Så skal me til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Ein av dei beste novellistane i Noreg på 2000-talet! Det er altså Ingvild H. Rishøi, fødd i 1978, som er opphavet til dagens sitat. Ho debuterte med novellesamlinga La stå i 2007. Neste samling fekk tittelen Historien om fru Berg (2011), for denne boka vart ho nominert til Brageprisen. Og så kom dagens bok, Vinternoveller, i 2014. Eg har lese alle desse tre samlingane, men hugsa sjølvsagt ikkje etternamnet til Thomas i novelle nr. 2 (som har tittelen ’Riktig Thomas’). Men til all lukke hadde Ulstein bibliotek boka ståande, så eg fekk klarlagt at han heiter Kristiansen. Alle tre novellene handlar om vaksen–barn-forhold og er eineståande i desse skildringane. I 2021 gjorde ho stor lukke med Stargate. En julefortelling, som utan vanskar kan tevle med H.C. Andersens forteljing om den vesle jenta med svovelstikkene. Rishøi har bakgrunn som journalist, mellom anna i Dagbladet, og har også laga eit par biletbøker for barn. Ho har fått ei mengd prisar av ulike slag, alle sjølvsagt vel fortente!»

Eli Hegna skriv: «Ingvild Hedemann Rishøi har mottatt flere litterære priser. For samlingen Vinternoveller, som ukas sitat er hentet fra, ble hun tildelt både Brageprisen og Kritikerprisen. Gjentatte karakteristikker som ’utsøkt’, ’bunnsolid’ og ’suverent’ knytter seg til Rishøis forfatterskap. ’Et glassklart enkelt språk – med ekstrem muntlighet’, er også hva anmeldere har sagt om dette forfatterskapet.»

Janneken Øverland skriv: «Dette må være den fabelaktige Ingvild H Rishøi og novellen ’Riktig Thomas’ fra samlingen Vinternoveller

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement