RETNINGAR PÅ INNSIDA OG UTSIDAI dag skal vi leva opp til namnet på denne spalta: vi skal finne ut kva som rører seg på innsida. Mange meiner det er på innsida vi finn sanninga, dei djupaste tankane og dei ekte eigenskapane. Men så har jo utsida likevel myk
I dag skal vi leva opp til namnet på denne spalta: vi skal finne ut kva som rører seg på innsida. Mange meiner det er på innsida vi finn sanninga, dei djupaste tankane og dei ekte eigenskapane. Men så har jo utsida likevel mykje å seia. Det er ikkje så freistande å lesa ei bok som har eit stygt omslag. Og ein kjenner seg kanskje ikkje så bra på innsida om ein forfell på utsida. Difor spør vi oss om innsida og utsida er to sider av same sak – eller går det i to diametralt motsette retningar?
Innsida som religiøs retning
Ein dag Guri var på trilletur utanfor huset i Trondheim, tok to vennlege menneske kontakt med ho. Guri tenkte fyrst at det kanskje var den nye naboen som ville helse på. Så sa den eine: «Blir det noen gang slutt på all lidense? Vil du si ja, nei eller kanskje? Svaret finner du på Innsida.» Hæ?! tenkte Guri, skal vi skrive svaret på det på Innsida? Ho skjønte med ein gong at dette var eit kall sendt frå Gud. Vi er nøydde til å svara på spørsmålet.
Stellebordsnytt
Har du nokon gong lurt på kven som surfar rundt på mammanettsider? Ein skulle tru at det var foreldre med små babyar på leit etter kjerringråd. Men nei, det kan vera mange grunnar til å ferdast her.
Utdrag frå kvinneguiden.no:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.