Refuserte titlar frå boskorga til Halvorsens ForlagDet er framleis liv i den trykte boka. Fysisk litteratur er ein seigliva kulturberar i vår digitale tid. Den elektriske boka har enno ikkje teke nokon særleg jafs av marknaden. Lydbøker er meir som eit sti

Publisert

Det er framleis liv i den trykte boka. Fysisk litteratur er ein seigliva kulturberar i vår digitale tid. Den elektriske boka har enno ikkje teke nokon særleg jafs av marknaden. Lydbøker er meir som eit stille, jamt alternativ for folk i farten, utan at det har teke heilt over litteraturen vår det heller. Likevel er nok nokre av forlaga varsame med å gje ut for mange tradisjonelle papirbøker. Difor slit nok ein del forfattarar med å få med seg redaktørane på dei gode ideane sine. Slik har det naturlegvis vore i bokhausten i år òg. Mangt har kome ut, men storparten ligg att i boskorga.

Innsida har fått lista over dei refuserte frå den velrenommerte utgjevaren Halvorsens Forlag i Arendal. Desse kom diverre ikkje med i bokhausten:

John Klake: Mord på gassferjesambandet

Borgny Frekstad-Frei: Ronald Frei,
rådmann, dirigent og friluftsmann

Lektor Arve Seddu: Då Niels Bohr var i Sveio

Nils Bjurstavlie: Lått og løye; 720 gode vitsar
frå folkehøgskulemiljøet i Bagn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement