Raud rubinDet er stas å vere spesialutsending for Dag og Tid i Italia. Taksameteret tikkar i takt med at havet i midten sender bølgje etter bølgje mot ei strand der eg ligg og prøver å avdekkje kva det er for bøker folk les i sommarvarmen. Her i Liguria er
Det er stas å vere spesialutsending for Dag og Tid i Italia. Taksameteret tikkar i takt med at havet i midten sender bølgje etter bølgje mot ei strand der eg ligg og prøver å avdekkje kva det er for bøker folk les i sommarvarmen. Her i Liguria er det diverre ikkje mange nynorske bøker eg får auge på hjå lesande folk, men det får ikkje ein sindig boklækjar til å lyfte peikefingeren. Eg vil tru det kjem av at ikkje alle italienarar er heilt stødige i nynorsk, dessutan har dei vel lese det som finst i omsetjing frå nynorsk til italiensk i førevegen.
Etter to veker med mødesam kartlegging av lesevanane her ved havet, kan eg førebels konkludere med at mange italienarar les kriminallitteratur. No er det ikkje mi oppgåve å vere elitistisk, berre folk les bøker, vert eg glad. Når eg likevel kjem i stuss over at italienarane er så begeistra for det kriminelle i fiksjonen, kjem det av at i den røynlege verda er Silvio Berlusconi framleis på frifot. Kan hende er italiensk politikk så utruleg at eit dikta drap eller fem verkar meir sannsynleg enn det som går føre seg i den verkelege verda.
Så til løysinga på oppgåve 1347. Tor Inge Myren skriv: «Stemninga er ikkje til å ta feil av, og straks eg les ’efter’ er eg sikker. Dette er Agnar Mykle. Omstridd, skriv du, og då er vi i Sangen om den røde rubin. Embla er førenamnet, men eg måtte på bokhylla.no for å finne etternamnet: Tombson. Las kapitlet i lag med kona, og ettertanken vart sterk. Vi lo godt. Ein treng ikkje å ha studert på NHH for å ha vore inne i dette kjensleuniverset som Agnar Mykle klarer å skildre som grunnleggjande og altomfemnande, krydra med ørsmå detaljar. Når vi les, finn vi ein Ask i oss alle. Spesielt er Mykle krutgod på skildringa av kva som kanskje kan røre seg i Embla, opp mot det som føregår i Ask. Fleire år etterpå hugsar ingen av dei likt: Den største augneblinken i hans liv med henne har ikkje festa seg i hennar sinn i det heile. Likevel talar vi om objektiv historieskriving.»
Gunnar Bæra skriv: «Dette er den umiskjennelege stilen til forfattaren Agnar Mykle (1915–1994). Like sikkert er det at boka er Sangen om den røde rubin (1956). Denne romanen kneip eg frå bokhylla til far min på nyåret. Attende på skulen sette eg på eit nøytralt omslag, skreiv på ’Songbok for Hallingdal realskule’ og lét boka gå på omgang mellom klassekameratane resten av skuleåret. Eg har boka framleis, og mange år etter kom eg på at forfattaren hadde skrive ein viktig ingress: Denne bok bør leses to ganger. Den har et budskap også. No har eg teke fram att boka og lese henne med mykje større utbytte.»
Rett svar på oppgåve 1347 fekk eg frå: Jon Grepstad, Laurits Killingbergtrø, Gunn og Jacob Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, John Olav Johnsen, Tor Inge Myren, Eirik Holten, Per Skjæveland, Birte Næsheim, Truls Songstad, Ingvar Engen, Else Bovim, Odd Storsæter, Petter Kristensen, Olav Holten, Eli Hegna, Hallgeir Dale, Kjell Helge Moe, Knut Svensen, Gunnar Bæra, Janneken Øverland, Inger Astrid Ullestad, Brith Stensen, Liv Storsul, Olav Molven, Truls Johan Horsberg Hoff, Signar Myrvang, Anne Ma Brox, Sjur Joakim Fretheim, Ola Sletvold, Torleiv Kløve, Jorunn Røyset, Ingebjørg Sogge, Magnhild Reisæter, Randi Brenden, Bjørn Gjermundsen, Folke Kjelleberg, Nils Ottesen, Pål Amdal, Eli Winjum, Karin Ellefsen, Hallvard Kjelen, Olav Larsen, Jan Alfred Sørensen, Gunder Runde, Else Gjesdahl Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Sissel Gunnarshaug, Fritjof Lampe, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Rannveig Nordhagen, Laura Killingbergtrø, Robert Øfsti, Henrik Brochmann, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Anne Berit Skaarer, Torleik Stegane, Mads Braarud, Gunnhild Strømnes, Per Olav Skjevdal, Inger Margrethe Berge, Marianne Dahl, Kari L. og Ottar Aarø, Christopher Messelt og Eli Søyland. Bokvinnar i dag er Randi Brenden. Gratulerer!
Klok på bok 1349
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.