Rapport frå Syden IIIngenting er som å vere i Syden og skyte med sprettert på alt som rører seg.Sprettert
Ingenting er som å vere i Syden og skyte med sprettert på alt som rører seg.
Sprettert
Sprettertar, ja. Kven skulle trudd at ein måtte heilt til Syden for å gjenoppdage dette drapsvåpenet (minor weapon of mass destruction) som var så populært i min harde oppvekst under gjenoppbygginga av landet. Den gongen laga vi rett nok sprettertane sjølve, med hjelp av ein tollekniv, ei Y-forma grein av ein eller annan tresort (det gjekk også an å bruke svært tjukk streng), ein syltestrikk og ein bit av ein sykkelslange. Ammunisjonen var gjerne småstein. (Dei litt meir pasifistiske brukte heller rognebær eller gule erter, men eg og den berykta gjengen min syntest det var synd å sløse vekk gode matvarer.) Kva vi skaut på? Kva som helst, omtrent. Menneske, dyr (her inkludert fugl, fisk, krypdyr og insekt), husveggar, glasruter, bilar, syklar, skyer, smådjevlar, skrømt, sola, månen og stjernene, alt var i grunnen eigna til å skyte på.
Men alt har si tid. Som det står i Bibelen, i morfar min si språkdrakt: «Drepa hev si tid og lækja hev si tid; riva ned hev si tid og byggja upp hev si tid.»
Vendepunktet mitt i så måte kom ein dag då eg sikta på nærmaste grannen, gode gamle Hans-en, og steinen nesten snerta nasen hans (utan at han merka noko som helst), og det gjekk opp for meg at med litt meir målmedviten sikting, så hadde eg kanskje sendt han til dei evige jaktmarker og meg sjølv til ein eller annan anstalt der eg ville bli dengd og misbrukt frå morgon til kveld.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.