Folk seier så mangt når dei vil skjemte og vere artige. Eg veit om ein kar som i årevis hadde den same vitsen liggjande klar på tunga kvar gong han skulle kjøpe seg ny deodorant. Sjeldan har eg sett han så glad som då dagen rann, og ho i kassa endeleg spurde om han ville ha pose. Omsider fekk han brukt: «Nei, takk. Eg tek han under armen.»
Boklækjaren er ikkje medlem i fanklubben til skodespelaren Steve Martin. Men når han ikkje er oppteken med å spele i middelmåtige filmar, kan Martin vere morosam. Eit døme er når han fortel om korleis det gjekk då han skulle forsøkje seg som forfattar: «Eg sende inn eit manuskript førre året. Forlaget endra ikkje eitt ord. Ordet dei ikkje endra, stod på side 87.»
Så til løysingsboka i dag. Gunder Runde skriv: «Då eg til sist greidde å finne fram til denne forfattaren, fekk eg straks assosiasjonar til Henrik Ibsen. Kammerherre Balle er ein liten bifigur i Vildanden – eg hugsar namnet berre fordi ein medelev på gymnaset hadde misforstått følgjande replikk frå ’den fete herre’ i første akt: Hva skal vi så finne på, Balle? Han las det på følgjande måte: Hva skal vi så finne på? Balle? Sjølvsagt til stor glede for oss medelevar. Og i tillegg: førenamnet til forfattaren er ei fordansking av Solveig i Peer Gynt. Sluttresultat: Solvej Balle. Og boka er, så vidt eg kan finne ut, den einaste som er omsett til norsk. Ho ber tittelen Ifølge loven. Fire fortellinger er om mennesket, og er rekna som Solvej Balles viktigaste bok, omsett til fleire språk. Eg skal villig vedgå at eg aldri har høyrt om Solvej Balle tidlegare, sjølv om ho altså er ein kjend forfattar i heimlandet. Fødd i 1962, det året John Steinbeck fekk Nobels litteraturpris. Ho debuterte i 1986, og har seinare gitt ut fleire bøker. Ho er rekna som ein litterær minimalist, med særskild interesse for samanhengen mellom kunst og naturvitskap. Det er sjeldan i nyare litteratur at eit samleie blir skildra så nøkternt som i sitatet: ’den matematiske operasjonen’. Eg har også stor sans for avslutninga av dette kapittelet: ’Det som kan sies om dette mennesket er sagt. Det heter René G.’ Og det som kan seiast om denne forfattaren (frå mi side), er sagt: Ho heiter Solvej Balle.»
Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg kunne ha skrive at det har vore så travle dagar og kveldar denne veka, på grunn av eit oppussingsprosjekt, at eg ikkje har hatt tid til å ofre kpb ein einaste tanke. Sanninga er at eg har sete framfor iPaden kvar kveld og leita på kryss og tvers etter eit mogleg svar på ei ’umogleg’ gåte. Vanlege bøker har også blitt opna, men heller ikkje der var det svar å finne. Eg snudde og vende på hintet utan at det førte meg til nokon boktittel, så stor var forundringa mi då eg plutseleg og endeleg kom over løysingsboka. Då vart hintet svært godt :) Solvej Balle og boka Ifølge loven. Fire fortellinger om mennesket. Turen mot målet var artig og interessant, denne gongen òg.»
Desse var lovkunnige og fann fram til rett svar på oppgåve 1504: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Jorunn Røyset, Fritjof Lampe, Lise Haaland, Truls Songstad, Bjørn Gjermundsen, Laurits Killingbergtrø, Olav Holten, Turid Tirevold, Eli Hegna, Gunder Runde, Jorunn Øxnevad Lie, Brita Lundeland, Kjell Helge Moe, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Reidar Birkeland, Ingebjørg Sogge, Gunnar Bæra, Sjur Joakim Fretheim, Audun Gjengedal, Torbjørn Ohnstad Skaim, Skeisebibliotekaren i LASK, Sigrun Gjengedal Ruud, Folke Kjelleberg, Petter Kristensen, Tor Inge Tennfjord, Gunnlaug Ribe, Ragnhild Eggen, Gunnar Eide, Nils Farstad, Anne Berit Skaarer, Inger Margrethe Berge, Inger Anne Hammervoll, Bjørnar Osnes, Robert Øfsti, Per Trygve Karstensen, Torleik Stegane og Ole G. Evensen.
Denne veka er bokvinnaren frå Mo i Rana, og han heiter Per Trygve Karstensen. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.