Pers personarKlokskap kan vere så mykje. I ordboka vert klokskap definert som «sikker dømmekraft», noko oppgåveløysarane stadfesta i oppgåve 1361. Ikkje eitt einaste av dei mange svara eg fekk denne gongen, var feil, og det hender ikkje så ofte.
Klokskap kan vere så mykje. I ordboka vert klokskap definert som «sikker dømmekraft», noko oppgåveløysarane stadfesta i oppgåve 1361. Ikkje eitt einaste av dei mange svara eg fekk denne gongen, var feil, og det hender ikkje så ofte.
Her i bokstova kan me diverre ikkje skrive ut garanti på at spalta du les no, er ein av hovudvegane til klokskap, men me vågar påstå at ein ikkje vert dummare av å bryne seg på oppgåvene her. Eit døme er eit uttrykk frå før i tida, då me alle saman var yngre, nemleg: å fjelga seg. Det var i det tidlegare så omstridde «lurespørsmålet» eg nytta denne seiemåten, og det gler boklækjaren at vendinga no kjem til heider og ære att. Sjå berre kva Stein Haukland skriv: «Eg måtte rett nok slå opp uttrykket ’å fjelga seg’, men lover til gjengjeld å nytte det minst ein gong om dagen frå no av.»
Eli Hegna skriv: « ’Å fjelga seg’ som kioskdamen i Jeg nekter av Per Petterson gjør hver fredag, var et ukjent ord for meg. Nå vet jeg at det bl.a. betyr pynte eller stelle seg. Og det er det fru Vallerud gjør, fordi hun vet at en viss person kommer innom hver uke for å kjøpe Orientering. I romanen følger vi Jim og Tommy som møtes tilfeldig etter 35 år. Fortid møter nåtid i det døgnet vi følger dem: om et vennskap som ingen av dem trodde skulle opphøre, om en traumatisk barndom og om roller/posisjoner som (kanskje?) bytter plass.»
Gunder Runde er skriftkunnig og slit heller ikkje med det fjelgslege. Han skriv: «I flaumen av bøker som kvart år vert utgitt, er det nokre forfattarar som eg alltid prøver å halde meg à jour på. Ein av desse er Per Petterson. Han kjem med ny bok i år, etter fire års pause. Den siste boka han gav ut før 2018 var Jeg nekter (2012), som altså er dagens bok. Utdraget kjende eg att, utan å heilt ha klart for meg kva for bok det stod i. Men det er for så vidt eit lett arbeid å bla opp på s. 267 når eg har (nesten) alle bøkene hans i bokhylla. Å hugse namnet på kioskdama som stasa seg opp fredagane, var ikkje like lett. Men etter litt blading og skumlesing dukka ho opp på side 138 – namnet var fru Vallerud, og den ho pynta seg for, var Jim, kameraten til Tommy. Jeg nekter er ei gripande og tankevekkjande bok, slik me har vant oss til å karakterisere alle bøkene til Petterson. Synsvinkelen i boka vekslar mellom kameratane Jim og Tommy, i tillegg til Siri, som er søster til Tommy. Særleg sterkt inntrykk gjev skildringa av barndomen til syskena Tommy og Siri, og tvillingsøstrene deira. Eg ser fram til å lese Menn i min situasjon, førebels står eg på venteliste, og pga. sjølvpålagd innkjøpsstopp for bøker, må eg vente endå nokre veker.»
Desse nekta å gje opp jakta på Fru Vallerud og fann fram til løysinga på oppgåve 1361: Gunn og Jacob Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Stein Haukland, Petter Kristensen, Nils Ottesen, Gunder Runde, Torleiv Kløve, Ragnhild Eggen, Ingvar Engen, Vigdis Hegna Myrvang, Nils Farstad, Birte Næsheim, Eli Winjum, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Per Trygve Karstensen, Else Gjesdahl Sørensen, Berit Horsberg, Eli Hegna, Odd Storsæter, Ingebjørg Sogge, Sonja Nygard Wæraas, Christopher Messelt, Per Skjæveland, Pål Amdal, Audun Gjengedal, Bjørg Ladehaug, Fritjof Lampe, Jorunn Øxnevad Lie, Ståle Ritland, Arnulf Kolstad, Sjur Joakim Fretheim, Marit Lindberg, Turid Tirevold, Asbjørg Apalset, Mette Iversen, Eirik Holten, Olav Molven, Laura Killingbergtrø, Olav Larsen, Tor Inge Myren, Jan Alfred Sørensen, Olav Holten, Svein Olav Daatland, Inger Margrethe Berge, Gunnar Bæra, Jorunn Røyset, Signar Myrvang, Truls Johan Horsberg Hoff, Bernt Heger, Kjell Helge Moe, Astrid Erstad Bentsen, Torleik Stegane, John André Nergaard og Kristin Beate Auestad, Else Bovim, Robert Øfsti, Gudrun Kringlebotn, Bjørn Gjermundsen og Tvillingene. I dag er Olav Holten bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1363
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.