Nok ein gong har me motteke ei undring frå ein fiktiv innsendar som ynskjer å vere anonym. Lesaren vil vete om Klok-redaksjonen kan leggje fram eit eksempel på pappa- eller gubbehumor. Ei oppdeling av humor etter kjønn er ikkje noko boklækjaren vil bidra til, så med godt mot og høgt humør, føreslo eg for redaksjonen at me skulle ta for oss eit anna tema. Eg vart nedstemd.
Det er med tungsinn me konstaterer at uttrykket pappahumor har erobra seg ein plass i tida. Avdelinga for lesarsørvis her i bokstova meiner dette er eit typisk døme:
– Har du høyrt kva som er månadens vin på polet?
– Nei, det har eg ikkje.
– Det er marsvin.
Herifrå går det berre éin veg, og det er oppover. Gunder Runde skriv: «Den siste boka vi las i den vidgjetne lesesirkelen vår, var Tre lys av den irske forfattaren Claire Keegan. Gruppemedlemane våre var samstemte i at dette var ei strålande bok, og vi bestemte oss for å lese også den andre boka av Keegan som er utgitt på norsk, nemleg Småting som dette. Denne boka er minst like god som den første, og eg gler meg til å drøfte henne på neste gruppemøte! Claire Keegan er fødd i 1968 (same året som Per Olof Sundman fekk Nordisk råds litteraturpris). Førebels har ho gitt ut berre fire bøker, i tillegg til desse to romanane er det tale om to samlingar med noveller, som til dels er offentleggjorde i ulike aviser/tidsskrift, mellom anna i det kjende tidsskriftet The New Yorker. Ho bruker lang tid på kvar bok, når vi ser resultatet, er vi glade for det! Hovudpersonen i Småting som dette heiter Bill Furlong, og er kol- og vedhandlar. Handlinga i boka går føre seg like før jul, og Bill finn ut at ikkje alt er som det skal vere i nonneklosteret i småbyen, som er drifta som vaskeri, med ’falne kvinner’ og borna deira som arbeidarar. Når han kjem for å levere kol, finn han ei jente innelåst i kolkjellaren, i særs dårleg tilstand. Priorinna prøver å bortforklare hendinga, men Bill er ikkje overtydd, han trur at jenta Sarah (Redmond) har vore innelåst som straff for eit eller anna. Bill får ikkje Sarah ut av tankane, og like før jul dreg han tilbake til klosteret, går ned i kolkjellaren, der Sarah framleis er, og tar henne med seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.