Klok på bok

På ville vegar

Publisert Sist oppdatert

Det finst folk som strør om seg med ordtøke og andre visdomsord, som om det er sjølve sanninga dei siterer. I dag skal me ta føre oss ei gammal seiing som heilt openbert inneheld store feil. Seiinga er: «Alle vegar fører til Roma.»

Om du køyrer E6 til du kjem til tettstaden Korgen i Nordland fylke, kan det vere interessant å følgje fylkesveg 806 i retning 8647 Bleikvasslia. Når du kjem til Bleikvasslia, vert det fort freistande å fylgje fylkesveg 7356. Etter ei stund kjem du då tett på den nest største innsjøen i Noreg, Røssvatnet, men du kjem ikkje til Roma. Fylkesveg 7356 endar nemleg på Nymoen i Hemnes kommune. Derfrå er det om lag 3450 kilometer til Peterskyrkja. Så kom heller ikkje her og sei at det er tett på.

Kan hende er det litt urettvist mot uttrykket å ta det så bokstavleg. I løysingsverket denne veka var det nemleg fire vegar til rett svar. Eg bad om namnet på ein av nobelprisvinnarane som var nemnde i boka, og blant innsendarane var det jamn og fin spreiing mellom desse kandidatane: Henri Bergson (1927), Thomas Mann (1929), Luigi Pirandello (1934) og André Gide (1947).

Eli Hegna skriv: «Nathalie Sarraute tilhørte kretsen av ’de nye’ i det litterære miljøet i Frankrike tidlig på 1950-tallet. Denne kretsen ville fornye den franske romanen. Gullfruktene er en satire over det litterære miljøet i Paris. Nesten hele romanen er skrevet i dialogform. Tittelen refererer seg til en bok det snakkes om – starter som en hyllest til et mesterverk for deretter gradvis å diskuteres ned av kritikerne og misunnelige venner. Thomas Mann, som fikk Nobelprisen i litteratur i 1929, er en av flere forfattere nevnt i boka. Nathalie Sarraute mottok Prix international de littérature for Gullfruktene i 1964.»

Inge Strand skriv: «Sitatet denne veka gav meg ei viss aning om kvar vi skulle… Men med huset fullt av feriegjestar vart ikkje arbeidet fullført før i siste liten. No på morgonkvisten ligg dei og slikkar såra etter det bitre tapet for Bodø/Glimt i går kveld, og eg kan konstatere at løysinga er ’boka om boka’; Nathalie Sarrautes roman Gullfruktene frå 1963. Eg minnest norsklæraren min på realskulen ivra for denne boka og brukte henne som argument for at vi måtte lære oss fransk. Viss boka ikkje vart omsett til norsk før i 2002, hadde han jammen eit poeng.»

Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er frå romanen Gullfruktene, omsett av Elin Beate Tobiassen. Originalen Les Fruits d’Or kom ut i 1963. Forfattar er franske Nathalie Sarraute, fødd i Ivanovo i Russland i 1900 (sjølv meinte ho at det var i 1902, men truleg mintest ho feil...) og død i Paris i 1999, det året då tyske Günter Grass vann Nobelprisen i litteratur.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement