Eit bittersøtt minne mange av oss ber på, er knytt til kjærleiken. Ja, eg tenkjer på den gongen då du vart vegen og funnen for lett. Det gjer vondt å vere den som vil leike med nokon ein har kjær, når han eller ho ikkje vil vere med på leiken.
Når ein ikkje får i stand eit ynskt kjærleiksforhold, vert det spor. Om desse spora passerer som avtrykka frå ei lita mus i skogen ei vinternatt med tungt snøvêr, eller vert verande som eit krater etter eit kraftig vulkanutbrot, er sjølvsagt individuelt. Her finst det ikkje fasit.
På slutten av diktet «Ungt Spil» av Knut Hamsun får me servert ei betraktning om dette. Store-Knut skriv:
Og underlig er det med Hjærtets Spil:
jeg bytter de andre som straks slog til
for hende som ikke vilde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.