Klok på bok

Oppstuss i Sverige

Publisert Sist oppdatert

I dag lyt me fyrst minne lesarane på fristen for å vere deltakar i Nobelpris-undersøkinga er til og med i morgon. Om du nøyer deg med å vere tilskodar, treng du ikkje gjere noko.

Alt no kan me melde om stort sprik blant innsendarar som har ei meining om forbigåtte forfattarar i åra mellom Undset og Fosse. Nokre har berre éin kandidat, fleire har to eller tre, men når det gjeld klokkartru på norsk litteratur, er det ingen som er i nærleiken av Skeisebibliotekaren i LASK. Diverre har me ikkje spalteplass nok til å ta med alle dei prisverdige forfattarane han har på lista si, men me kan telje.

Ifylgje kuleramma endar Skeisebibliotekaren med 46 kvalifiserte kandidatar til den noble prisen. Me vil gje ros for innspelet, men samstundes har me mistanke om oppstuss dersom Svenska Akademien annankvar gong tildelte ein norsk forfattar Nobelprisen i litteratur.

Så til løysinga me skulle fram til denne veka. Gunder Runde (som har vore deltakar sidan oppgåve nr. 1) skriv: «Dette var grei skuring (TRUDDE EG!). Det var berre å leite fram katalogen Årets bøker 1994 og bla meg fram til aktuelle novellesamlingar frå grannelanda Sverige, Danmark, Finland og Russland. Men då tok eg feil! Trass i to gongars leiting i katalogen fann eg inga novellesamling som passa. Så då var det å starte med den tungvinne leitinga på diverse Wikipedia-sider. Ingen danske eller svenske funn, så då var det Finland sin tur, og der dukka knappenåla fram frå høystakken: Finsk-svenske Mirjam Tuominen (1913–67) debuterte i 1938 med novellesamlinga Tidig tvekan, omsett til norsk i 1994 med tittelen Ung uvisshet. Utdraget i Klok på bok er frå novella «De tapte sedlene», der hovudpersonen heiter Magdalena og søstera heiter Paula. Krunglete oppgåve denne gongen, men det bør vel vere såpass når vi passerer 1600!»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ei ny og noko utfordrande bokgåte. Medikus gjev oss nokre tips, der eg rekna det som mest lønsamt å gå ut frå året 1938, da boka kom ut på originalspråket. Og så er forfattaren frå eit naboland. Eg slo meg inn på Wikipedia og ‘litteraturåret 1938’. Der fann eg to aktuelle forfattarar, svenskane Jan Fridegård og Gustaf Hellström. Begge fall igjennom ved nærare gransking. Men kanskje verdt å prøve den svenske Wikipedia? Der var det sjølvsagt mange fleire svenskspråklege, men når eg såg bort frå dikt og romanar, stogga eg ved den einaste novellesamlinga: Tidig tvekan av den finsk-svenske forfattaren Mirjam Tuominen. Den boka kom i norsk omsetjing av Nøste Kendzior i 1994 med tittelen Ung uvisshet. Eg såg på nettet at eg måtte langt av garde for å få lånt denne boka. Men eg fann også at ho kan lesast på nettet, så dermed kunne eg framleis sitje i hoseleistom og lese boka på datamaskina. Den rørande novella vi skal fram til, har tittelen «De tapte sedlene». Og det er nett nokre setlar som ho mistar med vilje, som skaper slik sjelekval for sjuåringen Magdalena. Foreldra ser kor plaga ho er, så ho får liggje inne hos dei ei natt og ikkje som elles saman med systera Paula. Ein slags happy end, da, men den vare og klårtenkte sjuåringen lærte nok mykje av hendinga.»

John Olav Johnsen skriv: «Ei gripande novelle om ondskap og skyld.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement