Ny norsk matØya, Noregs største festival, passar sjølvsagt på at folk får seg ein matbit mellom konsertane. Du kan velje blant 20 matbuer, minst, der ein ørliten porsjon mat ikkje kostar meir enn maks 300 kroner, og du treng ikkje stå i kø i meir enn ein t
Øya, Noregs største festival, passar sjølvsagt på at folk får seg ein matbit mellom konsertane. Du kan velje blant 20 matbuer, minst, der ein ørliten porsjon mat ikkje kostar meir enn maks 300 kroner, og du treng ikkje stå i kø i meir enn ein time. Litt regn i maten gjer ingenting. (Det regnar hardt i regntida i India òg, kan du seie til deg sjølv når du sit i graset og et dal-puri-semolinabollar med mintjogurt. Tenk på folk i Syria, skal du seie når du blir våt i rumpa mens du et shawarma.) Du kan fylle magen med grøstadgris med chilimayo, sloppy joes med jackfruit, spicy oksegrill, takoyaki med akkar og finhøvla bonitoflak, elgbab med chiliinfusert tyttebærrømme og kokosblomstsukker, misotrøffelmajonespoke, smoka, kimchivaflar, portobellosopp marinert i appelsinjuice og ingefær, squashspagetti, falafel med ditt og datt, BBQ-svinenakke med grotteost og sennepssaus og harisa, kanskje, triple chili cheese quesadilla med hitch crumble, fiskeroll i brioche og ein underleg tung surdeigsbolle med spinat og jalapeño, for eksempel. Og dei har pommes frites: søtpotet, med majonesdip med timan. Og alt får terningkast 1–5 i avisene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.