Norske – sardinarJa, me har enno ikkje gjeve opp spalta «Norske matskattar», sjølv om overføringa frå Landbruks- og
Ja, me har enno ikkje gjeve opp spalta «Norske matskattar», sjølv om overføringa frå Landbruks- og Matdepartementet verkeleg lèt venta på seg. Formidling av norsk mattradisjon er ei viktig oppgåve, som me veit vert verdsett hjå styresmaktene. Ein sjekk ville difor vore eit tydeleg signal på at denne spalta skal halda fram.
Uansett, eller på trass av alt, presenterer Innsida denne gongen: sardinen.
Sardinar er naturlegvis ikkje ei norsk oppfinning. Den er som den skarpaste lesar kan merka seg heller ikkje oppkalla etter noko norsk, men ei italiensk øy. Likevel vel me å kalla det ei norsk matskatt, når ein veit kor viktig denne vesle pelagiske rakkaren har vore for oss.
Stavanger utan olja er det fleire som kan både hugsa og sjå føre seg, men ikkje Stavanger utan sardinen eller iddisane som var desse kunstverka av nokre etikettar på dei hermetiske boksane med flotte norske sardinar som gjekk verda rundt.
I dag er sardinen ikkje like høgt oppe på lista over dei kulinariske skattane, men me får vona han kjem att. Brislingfiske var òg eit særs viktig og verdiskapande fiske her til lands, til dømes i Hardanger.
Brislingen (sprattus sprattus), som er vår sardin, kan verta 10–16 cm lang, men proppfull av det som gjer han god. Brislingen lever på ei endelaus steppemaskin. Han sym 50 kilometer oppover i løpet av seks veker – berre for å stå på same stad i sjøen, ifylgje vår fremste brislingekspert professor Stein Kaartvedt ved UiO.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.