Norske matskattar del 4 – tørrfisk

Publisert

Statsstøtta lèt venta på seg, men Innsida er framleis optimist og reknar med at det løyser seg i revidert budsjett. Difor ser me ingen grunn til å leggja ned den nye spalta vår «Norske matskattar». Dei ivrigaste, som ein kan rekna med har klipt ut dei tre matskattane me har presentert til no (Dag og Tid arbeider med ein samleperm), har vorte klokare på dravle, hakkasteik og kling.

Denne veka har me kome til tørrfisken. Knapt noko me driv me i Noreg, har sidan dei tidlegare tider skapt større verdiar enn den tørka torsken frå Lofoten. På 1300-talet var statsbudsjettet på om lag 50.000 spesidalar, medan tørrfiskeksporten resulterte i 150.000 spesidalar. I dag er statsbudsjettet på om lag 1300 milliardar, medan tørrfiskeksporten resulterte i berre 1 milliard. Det er nok ikkje tørrfiskfolka sin feil. Det er nok meir at staten har lagt på seg litt på utgiftssida.

Tørrfisk er ei genial oppfinning. Ein flott torsk vert konservert av den kalde gode lufta i nord, som ikkje inneheld bakteriar eller insekt. Så kan han med hjelp frå litt vatn koma til liv att som ein nydeleg fiskefilet, klar til bruk av alle slag. Me nordmenn brukar tørrfisken altfor lite, mest til lutefisk. Medan dei ute i verda er utruleg oppfinnsame i bruken av den tørka torsken vår.

Skulle du hamna i Tromsø på di ferd, så pass på å få med deg ei pakke nydeleg tørrfiskfilet frå handverksverksemda Halvors Fisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement