Norske matskattar 17: rekerJa, ei spalte som verkeleg ikkje døyr, sjølv om ho heile tida har vore betalt og finansiert av Innsida sjølv, er serien vår om norske matskattar. Denne gongen har me faktisk vore i sving i heile seksten utgåver. Norske Matskattar
Bilete av det sjenerøse rekesmørbrødet ein kan få på Skrova Brygge i Lofoten. God sumar!
Ja, ei spalte som verkeleg ikkje døyr, sjølv om ho heile tida har vore betalt og finansiert av Innsida sjølv, er serien vår om norske matskattar. Denne gongen har me faktisk vore i sving i heile seksten utgåver. Norske Matskattar vurderer å oppretta eit sekretariat og eit kontor som sikkert vil gjera det lettare for oss å få ein varm og god plass på statsbudsjettet.
Norske Matskattar-lauget er med dette stifta. Føremålet er å fremja norske matskattar.
Denne gongen slår me til med reker. Reker er naturlegvis ikkje noko særnorsk, men me i Norske Matskattar-lauget har heller aldri meint at norske matskattar er noko me har åleine og ikkje kan dela med andre.
Me er trass alt ein del av ei global matverd.
Reka er eigentleg ein kreps i tifotkrepsefamilien, og den typen me er gladast i, vert ofte kalla atlanterhavs- eller grønlandsreker. Ikkje noko som ein skal samanlikna med scampi eller tigerreker frå varme farvatn.
Det kalde vatnet her nord gjev reka det same som jordbæra: ei lang modningstid og veldig konsentrert smak. Dei beste rekene i verda kjem frå dei kaldaste farvatna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.