Norske matskattar – 14: sveleTuren er komen til svela i vår ikkje-statleg-subsidierte serie om norske matskattar. Svela er sentral i kystkulturen på Vestlandet, sjølv om ein naturlegvis finn svela både sør for og nord for svelebeltet, som er det geografisk

Publisert

Turen er komen til svela i vår ikkje-statleg-subsidierte serie om norske matskattar. Svela er sentral i kystkulturen på Vestlandet, sjølv om ein naturlegvis finn svela både sør for og nord for svelebeltet, som er det geografiske ferjetette området frå om lag nord i Hordaland til nord i Møre og Romsdal. Sveler dukkar òg opp sporadisk på andre ferjestrekningar, utan at svelekulturen av den grunn slår rot på land.

Svelehistorikarar påstår at denne norske forma for pannekake eller lapp, som òg er eit namn mykje brukt på den same godbiten, dukka opp for fullt i moderne tid tidleg i 1970-åra, då entusiastar blant dei tilsette i ferjeselskapet Fjord1 byrja å steika sveler om bord på ferjene i Møre og Romsdal. På same tid skaut privatbilismen fart og kombinasjonen av dei mange ferjestrekningane og stor auke i biltrafikken gav svela ein utruleg popularitet.

I dag, derimot, er det mange som kjenner på at svela er truga. Fjord1 har kutta sveler på mange av strekningane sine, sjølv om ho framleis vert servert på hovudsvelesambandet Molde–Vestnes.

Innsida tok (utan statsstøtte) turen inn i hjarta av svelenedslagsfeltet i Møre og Romsdal, til Valldal og Geiranger, for å sjå korleis det står til med svela.

Fjord1 lanserte for noko tid sidan ideen om ein sveleautomat – eit forslag som sveleentusiastar naturlegvis har vore svært klårt imot. Folk som likar sveler, likar ikkje store endringar og iallfall ikkje svele i ny teknologi.

På ferjestrekninga Linge–Eidsdal er svela altså heilt borte, kunne Innsida slå fast førre
helg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement