Norske matskattar – 13: torsketungerInnsida held fram med å fremja den norske , heilt på eiga hand og utan noko som helst slags statsstøtte. Norske matskattar skal fram og formidlast i den frie pressa, utan støtte eller økonomiske bindingar, er valspråket

Publisert

Innsida held fram med å fremja den norske matkulturen, heilt på eiga hand og utan noko som helst slags statsstøtte. Norske matskattar skal fram og formidlast i den frie pressa, utan støtte eller økonomiske bindingar, er valspråket til denne spalta, som no altså kjem i si 13. utgåve. Me veit det er samlarar der ute, og vil difor halda fram i det uendelege.

Tida på året innbyr til å lyfta fram heile Nord-Noregs kulinariske stjerne, torsketunga. No skrid skreien inn til kysten der nord, og det er eit årleg eventyr når den store, fine torsken vert landa. Mange unge tener sine fyrste tusenlappar på å skjera tunger.

Og Innsida og mange med oss kan nyta denne herlege spesialiteten vår på mange av dei gode serveringsstadene der nord.

Innsida held ein knapp på Påls Matopplevelser i Vadsø, som ifylgje tidlegare statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Ronny Berg frå Alta har dei aller beste tungene i landet. Berg er som områdessjef i Vegvesenet mykje på farten, så Innsida vel å bruka han som ekspert på torsketunger i denne samanhengen. Noko innehavar Pål er svært samd i. Han lagar tungene med god panering, steikte på sterk varme i ei blanding av rapsolje og smør. Dei skal absolutt ikkje friterast, hevdar Pål Arvid Dørmænen.

Innsida har vore hjå Pål og smakt tungene og nyttar difor høvet til å utropa dei til dei beste me har smakt i år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement