Norske matskattar 12: lefsaSerien vår om norske matskattar har – for dei som klipper han ut og set han i ein perm – vorte litt av eit oppslagsverk i norsk mattradisjon, sjølv om han altså enno ikkje har fått den støtta frå Landbruks- og matdepartementet so
Serien vår om norske matskattar har – for dei som klipper han ut og set han i ein perm – vorte litt av eit oppslagsverk i norsk mattradisjon, sjølv om han altså enno ikkje har fått den støtta frå Landbruks- og matdepartementet som mange av oss hadde venta. Norske matskattar rommar så mykje. Innsida har vore innom dravle, hakkasteik, kling, tørrfisk, bacalao, sardinar, øl, raud saft, honning, tilslørte bondepiker og graut, og no er altså turen komen til sjølve lefsa.
Lefsa står sterkt i matkulturen vår. Mathistorikar og tradisjonsberar Bodil Nordjore har skrive eit større verk der knapt éin lefsevariant frå fjord eller bygd er gløymd. Denne boka stiller Innsida seg bak. (Sjå elles bilete av boka ein annan stad her på Innsida.) Lefser er så mangt, men lefsekulturen har ein tendens til å verta assosiert med gamle folk, stabbur og bygdene. Difor er Innsida særs nøgd med at det i hovudstaden har dukka opp moderne lefser for ei ny tid. Den utmerkte delikatesseverksemda i Tordenskioldsgate, Fenaknoken, har teke lefse med inn i rask mat-verda. Dei sel påsmurde lefser i slike små enkle pakker som til dømes sushi vert servert i.
Slik nyskaping innan tradisjonsmaten bør iallfall få støtte frå Landbruks- og matdepartementet, uavhengig av om Innsida får det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.