Norske matskattar – 11: Graut – og ei orsakingJa, det måtte naturlegvis verta plass i spalta vår til ein av dei store i norsk mattradisjon: grauten. Sist melde me at tilslørte bondepiker er ein særnorsk rett. Det viser seg blant anna av ei melding me har f

Publisert

Ja, det måtte naturlegvis verta plass i spalta vår til ein av dei store i norsk mattradisjon: grauten. Sist melde me at tilslørte bondepiker er ein særnorsk rett. Det viser seg blant anna av ei melding me har fått frå Marta Kari Schawlann i Sogndal, at retten er kjend i Bayern som «Verschleiertes Bauernmädchen», altså i eintalsform i motsetnad til våre fleirtalsbondepiker, men det skal vera same retten. Innsida ber difor om orsakning, eller kanske me skal kalla det ei presesiering.

Denne veka er me visse på at det ikkje vert noko problem med å utropa grauten til ein særs norsk mattradisjon. Dette sjølv om denne spalta endå ein gong ikkje vart øyremerkt på statsbudsjettet. Graut er utan tvil ei bergingsbøye for mang ein nordmann. Noko som ein kunne overleva på i magre år, og som seinare naturlegvis har vorte både fest- og kafémat. Havre, bygg og ris har vore gode grautingrediensar. Likeins vatn i vassgrauten eller semulegraut, som er ein mjuk variant laga med kveite og mjølk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement