Nordmenn, 17. mai og verda ikringSnart er det 17. mai, og det å vera norsk vert feira. Er du stolt av å vera norsk? Er det å vera nordmann noko du gjerne og ofte legg vekt på, når du møter folk som ikkje er så heldige at dei er norske eller når du er i utl

Publisert

Snart er det 17. mai, og det å vera norsk vert feira. Er du stolt av å vera norsk? Er det å vera nordmann noko du gjerne og ofte legg vekt på, når du møter folk som ikkje er så heldige at dei er norske eller når du er i utlandet: «Hello, I am from Norway»?

Noreg er eit fint, fritt og trygt land. Naturen vår er strålande. Me har reinsdyr, midnattssol og nordlys. Bunad og 17. mai med barnetog.

Me deler ut fredspris og vil gjerne gjera verda til ein betre klode å leva på. Me er sanneleg blant dei beste folkeslaga.

Å koma frå Noreg er noko me trygt kan utbasunera med rak rygg.

Eg seier ikkje at me er sjølvgode og arrogante, når me reiser omkring.

For me er på same tid både blant dei beste og klare over at me kjem frå eit lite land langt mot nord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement