Når villdyret smiler

Publisert

Det går mot haust. Før i tida, då me alle saman var yngre enn me er i dag, var hausten favorittårstida til boklækjaren. Framleis er ho det. Det er ikkje hausten som har tapt glans og farge hos meg. Det er gleda over dei konkurrerande årstidene som har vore i vekst.

Heldigvis heng det ikkje ein instruks om heile tida å vere vilkårslaust begeistra her i bokstova. Når haustmørket kjem snikande, og det blæs nordavind frå alle himmelretningar, har me forståing for at folk i periodar synest livet er svart og håplaust. Kan hende tenkjer nokre på hausten som ein tunnel dei berre skal gjennom for å finne eit lys i enden når vinteren kjem og verda vert kvit. Eit fint og sikkert kjennemerke ved ein tunnel er jo dette, at det er lys i enden på han. Elles er det ei hole.

Å smile er å dra munnvikane til sida for å uttrykkje eit låttmildt huglag. Diverre, eller heldigvis, har eg ikkje møtt ein tiger med eit slikt andletsuttrykk. Men eg kan førestille meg det.

Det kan løysingsforfattaren denne veka òg. Laurits Killingbergtrø skriv: «Boka er Tigersmil, og forfattaren er Sissel Lie. Av det (i ettertid) morosame tekstklippet ser eg at ho mellom anna lærte seg formskrift. Da var ho tidlegare ute enn eg, som gjekk omtrent samtidig på folkeskole i Trøndelag. Der hadde vi det faget vi kalla ‘Skjønnskrift’ i ei bok med tittelen Nytt system. Der var det prenta setningar med vakker slyngjeskrift (lykkjeskrift) i raudt. Den skulle vi skrive over med penn og blått blekk, og på den neste tomme lina skulle vi skrive så likt som mogleg på frihand. Eg hugsar vi seinare undrast på kvifor skrifta vår likevel vart så vidt forskjellig etter som åra gjekk, når vi lærte same skrifta i starten. Sei det. Formskrift lærte eg elles aldri spesifikt.»

Janneken Øverland skriv: «L og i og e finnes i Sissel! Sissel Lie utga i 1986 Tigersmil. Sitatet røper en generasjonserfaring jeg deler, derfor falt tanken fort i retning av Lie, som har skrevet mye interessant om språk og stil.»

Petter Kristensen skriv: «Forfatteren er Sissel Lie, sitatet er fra Tigersmil. Noveller og fortellinger. En bok som hun fikk Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 1986. Sitatet er fra Jeg husker… som er skrevet til minne om en annen Kpb-forfatter fra noen få år siden, Georges Perec. En spennende bok og oppgave!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement