NamneforvirringNokre gonger fører små feil til store misforståingar. Ta for eksempel toneskalaen vår. Dei sju kvite tangentane på pianoet har fått kvar sin bokstav i alfabetet: a, b, c, d, e, f og g. Men ein gong i historia var ein slurvete skriftlærd litt
Nokre gonger fører små feil til store misforståingar. Ta for eksempel toneskalaen vår. Dei sju kvite tangentane på pianoet har fått kvar sin bokstav i alfabetet: a, b, c, d, e, f og g. Men ein gong i historia var ein slurvete skriftlærd litt laus i klypa. Han greidde ikkje å skrive b-en ordentleg, så trudde folk det var ein h. Denne feilen har forplanta seg, og i dag kallar alle i Noreg b-en for h.
Vi trur fleire norske idrettsutøvarar har blitt utsette for det same fenomenet. Ein kommentator eller journalist har sagt feil éin gong, og så har feilen blitt ståande. Mellom anna er desse utøvarane råka:
Magnus Nedregotten (curling) – heiter eigentleg Magnus Nedrebotten.
Emil Hegle Svendsen (skiskyting) – heiter eigentleg Emil Helge Svendsen. Det same gjeld broren Morten Helge Svendsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.