Kan hende har me ymta frampå om dette før, men i spalta du les no, kan det jo aldri verte for mykje propaganda for Poesifestivalen i Ulvik. I år er det festival i fruktbygda frå 9. til 11. september, og det er eit særs godt program vertskapet har snikra saman. Speleplanen finn du på heimesida til Haugesenteret, og eit døme på noko boklækjaren ikkje vil gå glipp av, går føre seg i festivalkroa laurdag kveld. Ta det som eit hint, det er nemleg det det er.
Frå ein anonym lesar som saknar gamle dagar, har me motteke eit hjartesukk. Personen synest det er lenge sidan nokon kom bort til henne og spurde om kva klokka var. No undrast ho på når det vil skje igjen. Ein samstemd Klok-redaksjon meiner at det nok berre er eit spørsmål om tid.
Dag og Tid held velfortent sommarferie dei neste to vekene. For boklækjaren vert det same prosedyre som kvart år. Eg skal til Italia og til havet i midten. I Liguria vil eg lese meg opp på Olav H. Hauge, og det vil eg tilrå alle å gjere.
Som ei sommargåve til lesarane frå oss i bokstova, vil me presentere diktet The Red Wheelbarrow av William Carlos Williams i norsk språkdrakt. Gjendiktinga er av Grethe Fatima Syéd og Jon Fosse. Her kjem «Den raude trillebåra»:
Så mykje kjem an
på
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.