Klok på bok

Morgan Kane var hans namn

Publisert

Abstinensane etter solrike sommardagar og eit bekymringslaust liv i Italia er ved å døyvast. I det minste er det det boklækjaren prøver å fortelje seg sjølv. Kjem det ei kjensle av lengt etter Liguria, legg eg lok på. Slik vert saknaden etter sommar til ein bortgøymd tone. Som no og då, mest no, ligg og dirrar imellom Middelhavet og meg.

Det kan verte for mykje melankoli, me må vidare i teksten, og her i bokstova er me ikkje for fine til å ta med litt folkelesnad. Det er ein segnomspunnen revolvermann me vil minne om i dag. Han var fødd i 1855 ved Santa Fe, og det fyrste han fekk sjå var nokre knuste vogntog. Ein tøff start for vesle Morgan, altså.

Med song og melodi av Benny Borg, og med tekst av Kjell Hallbing, fauk «Balladen om Morgan Kane» i 1973 rett til topps på Norsktoppen. I teksten til balladen framgår det mellom anna: «Kun det våpen som han brukte ble hans venn,/ og det gjorde ham mest ensom i blant menn./ Morgan Kane var hans navn.»

Det kom i alt 83 bøker om Mr. Kane, berre i Noreg selde serien om lag 11 millionar bøker. I ei fornøyeleg scene i løysingsboka denne veka vert eit eksemplar av alle desse nytta på originalt vis. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte. Eg tenkte ikkje å trøytte lesarane med sjølvsentrerte skribleri denne gongen, men eg må berre fortelje om kva flaks eg hadde da eg skulle finne svar på tilleggsspørsmålet. Nokså radig fann eg at boka måtte vere romanen Eitranes av Lars Ove Seljestad. Ho har eg ikkje i huset, så eg strauk ut og kjøpte ho på Norli. Eg har nokre slektningar på vitjing desse dagane, og eg måtte bu dei på at det vart ikkje mykje prat med meg med det første. Sjå her, sa eg, denne tjukke boka på 504 sider må eg lese fordi Medikus krev svar på eit ekstraspørsmål. Eg lyfte boka i vêret så ho opna seg, og det tilfeldig på sidene 324–325. Og sanneleg, akkurat der er prøvebryllaupet skildra. Presten las ‘velsigninga over dei frå ei velbrukt Morgan Kane-bok som han heldt fram med to hender, som om han las frå sjølvaste Bibelen’. På det viset vart det prat her i huset likevel i helga da. Og boka kan eg lese etter kvart.»

Gunnar Bæra skriv: «Forfattaren og sosiologen Lars Ove Seljestad er fødd i 1961 og har bak seg åtte romanar, to diktsamlingar og ein essaysamling. Han debuterte med Blind i 2005 og oppgåveboka Eitranes (2022) er ein frittståande oppfølgjar.»

Marta Kløve Juuhl skriv: «Denne gongen er du nokså lokal, i alle fall for folk frå Hordaland. Lars Ove Seljestad er forfattar av romanen Eitranes, som kom ut i fjor. Ein stor del av forfattarskapet hans går ut på å skildra livet i industribyen Odda og smelteverkets vekst og fall. Slik også i denne forteljinga, som kan vera nokså brutal når han skildrar oppvekst, men heilt ubetaleleg i denne scene når han skildrar bryllaupet til Myggen, som du spør etter. Prøvebryllaupet gjekk føre seg på smelteverket, og bibelen i dette høvet var ei velbrukt Morgan Kane-bok. Denne scenen skulle eg gjerne sett på film!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement