Mange gode skilt for tidaInnsida gir seg ikkje når det gjeld skilting. Denne gongen har tilfanget vore unormalt stort. Både innanlands og ute i verda er det skilt som gir oss innsikt og viser veg. Frå Valdres har Eirik Holten funne eit skilt på toppen av K

Publisert

Innsida gir seg ikkje når det gjeld skilting. Denne gongen har tilfanget vore unormalt stort. Både innanlands og ute i verda er det skilt som gir oss innsikt og viser veg. Frå Valdres har Eirik Holten funne eit skilt på toppen av Kvithøvd, som er av den enkle sorten, men likevel veldig klårt i bodskapen for den som forvillar seg opp på denne lokale toppen. Du veit kvar du har kome, med andre ord. Kvithøvd med sine 1001 moh. ligg i Øystre Slidre og skal faktisk vera den høgaste grankledde toppen i Nord-Europa. Men det seier altså skiltet ikkje noko om, sjølv om dei har lagt på litt i høgdemåling og gjort toppen til verdas høgaste topp med eller utan gran.

På Leknes har dei thairestaurant. Eit godt skilt fortel oss som kjem vandrande, at dei er dyktige til akkurat det. Kva skal ein gjera viss det ein har å selja, kanskje ikkje er så freistande? Jau, då kan ein lyfta heile tilbodet med eit godt skilt, slik Innsida fann hjå denne danske kjøpmannen. Me oppmodar alle lesarar til å fylgja godt med der ute i kvardagen. Gode skilt viser deg vegen.

Gamal – eit heidersord?

Me har her på Innsida tidlegare skrive om heiderstittelen gamleordføraren, som er mykje brukt. Utvida forsking frå innsideredaksjonen har kome til at ordet gamal- eller gamle- som forstaving er mykje i bruk rundt om i landet, som ein type heiderstittel, om lag som sir på engelsk. Under ei vitjing til Rjukan kom Innsida over bruken av ordet gamlebanksjefen, som ein slik heiderleg omtale, der gamlebanksjefen til og med vart sett på fyrste rad under ei tilskiping av det meir høgtidelege slaget.

I Tromsø er det, som vist på biletet over, ei gate som rett og slett er kalla opp etter Håkon den gamle. Det er ikkje ein av dei pensjonerte TIL-spelarane, men eit oppnamn som Håkon Håkonsson fekk av di han gav son sin Håkon kongenamn medan han sjølv var i live. Folk kalla han difor Håkon den gamle for å skilja dei to. Håkon Håkonsson er den kongen som har herska over det største geografiske riket under namnet Noreg. Du hugsar sikkert Bergslien-måleriet av vesle Håkon som vert frakta av garde av birkebeinarane. Gamle er med andre ord brukt òg i gamal tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement