Klok på bok

Månelyst

Publisert

Det finst mange ord og uttrykk som med tida har tapt både kraft, glans og farge. Ei seiing som hadde visna litt alt då boklækjaren var barn, var skremsla om at det kom til å bli månelyst om eg ikkje gjorde som dei vaksne sa eg skulle gjere. Kva var det for ein trugsel? Månen var jo ein ven i mørkret. Dessutan var det jo der Åkken Bom budde.

Kan hende finst det lesarar som ikkje er familiære med herr Bom, så her kjem ei lita oppfrisking: Åkken Bom er ein under middels høg mann som er folkeregistrert på månen. Av fritidssyslar er det særleg å spele på ei ause han konsentrerer seg om. Om personlegdomen til Bom kan me fastslå at han er forfengeleg, men at han neppe har lese Norsk Klædebunad.

Herr Bom har ein hatt av blautkake, og utan å vere altfor kritiske, lyt me påpeike at dette er eit upraktisk og litt merkeleg hovudplagg. Vidare har han ei jakke av kjøttkaker, der knappane er av rundstykke. Igjen ein påklednad som kan sette kven som helst i stuss. Innanfor jakka har han ein vest av knekkebrød. Dette er noko som gjev meining. Saman med klangen frå ausa trur me knekkebrød vil gje ein særs god atterljom i verdsrommet. Moralen i soga om Åkken Bom er at alt er musikk, og at ein ikkje treng å framstå som moteløve frå Milano når ein bur på månen.

Førenamnet på forfattaren me skulle fram til denne veka har tydinga «mengd som kan teljast» på nynorsk. Diverre har me ingen madjarar i fast stilling her i bokstova, så kva namnet Antal Szerb tyder på ungarsk, får stå i uvissa. Laurits Killingbergtrø skriv: «Romanen vår denne gongen kom lokalt ut i 1937, og forfattaren er fødd eit år det var fransk nobelprisvinnar. Da ser det mest realistisk ut at ein må tilbake til første året prisen kom, i 1901, med vinnaren Sully Prudhomme. Men norske Wikipedia var irriterande påhalden med å nemne noko matnyttig under åra 1901 og 1937 og 2021. Da annleis med den engelske wikipediakollegaen. Under ‘1937 in literature’ var det rikhaldig med namn, og eg prøvde og feila før eg fann ein interessant type som heiter Antal Szerb og er frå Ungarn. Ei bok han gav ut det året, Utas és holdvilág, kom i norsk omsetjing av Éva Dobos i 2021 med tittelen Reise i måneskinn. Bingo? Ja, det viste seg at sitatet stod rett plassert da eg fekk kjøpt boka i ei bokbu. (Ho var utlånt i alle 13 avdelingane av Deichman i Oslo.) Etter dette strevet i 30 graders varme sette eg pris på at det gjekk veldig radig med ekstraspørsmålet. Eg har enno lese berre 30 av 263 sider og har alt funne fire hovudstader: Paris s. 10, London s. 17, Roma s. 19 og Budapest s. 22. Men eg skal lese meir når eg får avkjølt meg ­– æresord!»

Eli Hegna skriv: «Denne uka skal vi fram til en klassiker og kultroman som jeg burde ha visst om og lest. Men det har jeg ikke. Jeg skjønner nå at jeg må jeg prøve meg på Reise i måneskinn av ungareren Antal Szerb. Boka har vært sammenlignet med Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov.»

Gunnar Sama skriv: «Takk for kviss! Hadde det ikkje vori for den, er det omtrent umogeleg at eg hadde lesi Szerb!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement