LutefiskDet er så mykje som skjer no i . Ikkje berre skal ein bli ferdig med innsider pluss diverse manus av varierande kvalitet, ein skal også ete lutefisk! Og lutefisk har eg slik ymse erfaring med. Første gong eg smakte det, ein gong i barndommen (då eg
Det er så mykje som skjer no i førjulstida. Ikkje berre skal ein bli ferdig med innsider pluss diverse manus av varierande kvalitet, ein skal også ete lutefisk! Og lutefisk har eg slik ymse erfaring med. Første gong eg smakte det, ein gong i barndommen (då eg framleis syntest det var meiningsfylt å teikne farsdagskort), syntest eg kanskje det var det verste eg nokon gong hadde smakt. Det var mor mi som hadde eksperimentert seg fram til denne retten, og mellom oss sagt: Ho kan rett og slett ikkje lage lutefisk. (I vaksen alder har eg tenkt at hovudfeilen var at det ikkje blei servert akevitt til, men dette er lenge sidan.) Nokre år etter laga eg lutefisk sjølv, på skulekjøkkenet i Luster, og den smakte heilt fortreffeleg. (Ikkje overraskande. Særleg sidan skulekjøkkenlærarinna var raus med både bacon og akevitt!) Og etter det har eg stort sett ete lutefisk med brukbar appetitt. Ein skal berre passe på at det blir jamleg påfyll i akevittglasa og at ertestuinga og baconskåla ikkje berre blir ståande hos han trege typen nedst ved bordet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.