Klok på bok
Ljosraud tråd
Denne gongen vert det fakta på fredag i spalta du les no. Men om du i førevegen veit det heile og alt om Carolina Wilhelmina Sandell, har me naturleg nok ikkje noko å tilføye. Sandell var ein svensk diktar som var fødd i 1832 og døydde i 1903. Blant nære vener vart førenamnet forenkla til Lina, og som salmediktar er ho såleis best kjend som Lina Sandell.
No skal det nok vere ein lesar eller tre som vil vete kvifor boklækjaren i dag kjem slepande med ein svensk salmist. Det finst det ei solid og syltynn forklaring på. Frå Sandell og til løysingsboka går det nemleg ein raud tråd. Kan hende er tråden ljosraud, kan hende er han spinkel, men ein tråd er det. Det har seg slik at det er Lina Sandell som har skrive teksten til salmen «Tryggare kan ingen vara». På norsk kjenner me songen som «Ingen er så trygg i fare», og vips, der har me tittelen på boka me skulle fram til denne veka.
Konkrete kjensgjerningar skal ein ikkje kimse av, og boklækjaren stør seg som oftast på Kjartan Fløgstad, som skal ha sagt at fakta har makta. Men no og då kan ein verte i tvil.
Inge Strand skriv: «Sitatet denne gongen sa meg ikkje noko med det same, men opplysninga om ein hovudperson som leiter etter far sin, fekk klokker til å ringje. Det minner meg om Kapo og Kain på tur til Novgorod på ein raud motorsykkel for å leite etter Kapos far.
Opplysningane elles høver også til Jørgen Norheims roman: Ingen er så trygg i fare. Romanen er i tillegg ei ganske frodig skildring av mellom anna jappetid og skatteopprør på seint 1900-tal, men skildringa av Kapo og Kain er den berande. Ei flott bok som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris, men som likevel ikkje fekk den merksemda eg meiner ho fortente. Kapo finn far sin, som gjennom boka blir omtalt som S, men som vi mot slutten får vite er Sergej.»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Så var det å stø seg på nobelprisvinnarar att, da. Eg fann tre aktuelle år som både var skotår og hadde ein fransk vinnar: 1952, 1960 og 1964. Wikipedia er flink til å føre opp norske forfattarar på desse åra, men til mitt føremål med «irriterande» mange nynorske. Heldigvis (framleis til mitt føremål) hadde få av dei gjeve ut bok i 2002, slik som Lars Amund Vaage og Jørgen Norheim, begge fødde i 1952. Det vart såleis ein del vandring i bibliotek og bokhandlar for få kåra den endeleg vinnaren, og det vart Jørgen Norheim med boka Ingen er så trygg i fare. For hipp-hipp, der stod sitatet på rett side. (Jubel!) Eg juksa litt med lesinga av den digre boka, for eg forstod det slik på boklækjaren at namnet på denne faren kom litt seint i boka. Rett nok, på side 279 av i alt 295 får endeleg hovudpersonen Kapo (og eg) greie på at faren heiter Sergej. PS: Eg er sjølvsagt storglad for alle dei nynorskskrivande forfattarane som markerer seg i den norske litteraturen!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.