Klok på bok
Livet til Leif
Det var den danske forfattaren Leif Thormod Panduro me skulle fram til denne veka. Panduro var også dramatikar, og når ein tek ein titt på livet til han Leif, er det til å forstå.
Foreldra til Panduro vart skilde kort tid etter at han var fødd, og då mora blei innlagd på «sindssygehospital» med schizofreni, hamna vesle Leif på barneheim. Etter kvart vart han pleiebarn hos ein onkel på morssida, utan at dette blei ei lukkeleg løysing for Leif.
Faren, Aage Petersen, hadde Leif Panduro lite kontakt med. Han var nazist og arbeidde for det tyske propagandaapparatet i Danmark under andre verdskrigen. I 1944 vart Aage Petersen likvidert av motstandsrørsla i København.
På frigjeringsdagen vart Leif Panduro, som var motstandsmann, ramma av eit vådeskot i magen, men han overlevde og utdanna seg seinare til odontolog. Han vitja aldri mor si etter at ho vart innlagd på psykiatrisk sjukehus, men mora hadde likevel sine meiningar om korleis det gjekk med sonen. Sjølv var ho ein retteleg kakemons, så når slektningar påstod at Leif var tannlækjar, protesterte mora med at han var då konditor i Aalborg.
Leif Panduro vart mellom anna tildelt Kritikerprisen, De Gyldne Laurbær og Det Danske Akademis Store Pris. Det var landesorg i Danmark då han i 1977 døydde av hjarteslag, berre 53 år gammal.
Erik Steineger reiste heilt til Himalaya for å lese Panduro. Han skriv: «Hele høsten 1973 deltok jeg på en økologisk ekspedisjon til en sherpalandsby i Nepal. I sekken hadde jeg bare plass til noen få bøker. En av dem var den danske, satiriske Rend mig i traditionerne, en samfunnskritisk og humoristisk roman som var fin å lese med lommelykt i teltet. Artig å lese den om igjen i dag, 50 år seinere. Nokså aktuell fremdeles.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.