Levande etter døden Månaden er mars, noko eg vil tru mange av lesarane har fått med seg. Å halde styr på dagane her i byrjinga av året, er forresten ikkje så lett, sjå berre på denne Olav H. Hauge-klassikaren frå 1960 i
Månaden er mars, noko eg vil tru mange av lesarane har fått med seg. Å halde styr på dagane her i byrjinga av året, er forresten ikkje så lett, sjå berre på denne Olav H. Hauge-klassikaren frå 1960 i Dagbok 1924–1994: «Gjekk i den meining at me var komne ut i mars, og hadde forrekna meg 14 dagar! Slik er det når ein ikkje fylgjer med tidi. Det er altso 25. februar, og eg fekk desse dagane til gjevandes, tykte eg.»
Løysingsboka i dag er dansk, og i oppgåvesitatet tok eg utgangspunkt i originalutgåva. Fleire innsendarar var positive til bruk av originalspråk, til dømes er Skeisebibliotekaren i LASK «glad for at boklækjaren slår et slag for å lese nordisk litteratur på originalspråket». Boklækjaren har ei haldning, men ikkje eit ufråvikeleg prinsipp, når det kjem til svensk og dansk litteratur; eg føretrekkjer å lese originalutgåver dersom eg ikkje får tak i omsetjing til nynorsk. Når det kjem til islandsk og finsk litteratur, trur eg me held oss til norske omsetjingar her i bokstova; rett opp handa dei som har lese Kalevala på finsk.
Det var mange som fann fram til løysinga denne gongen. Ringreven Odd Storsæter skriv: «Vi skal til Naja Marie Aidt – født 24.12.63 i Aasiaat (tidligere Egdesminde) på Grønland. Hun flyttet til Danmark i 1971 og ble en kjent dansk forfatter. Hun skrev først lyrikk og noveller. I 2006 gav hun ut novellesamlingen Bavian som hun fikk Nordisk litteraturpris for i 2008. Aidt debuterte som romanforfatter med Sten saks papir. Men boka vi skal fram til, er fjorårets Har døden taget noget fra dig så giv det tilbage. Ei kort bok på 156 sider som Aidt skrev etter at hennes sønn Carl Emil døde etter å ha hoppet ut fra femte etasje fra en bygård i København i sopprus i mars 2015. Selv om hun sier at ikke noe språk kan beskrive tapet at Carl Emil, er det akkurat det hun gjør, rasende trist og vakkert skrevet. Sammen med Max Porters bok Sorg er den greia med fjær er dette en av de viktigste bøker om tap og sorg. Jeg har opplevd begravelser etter at venner har mistet en sønn eller en datter på samme måte som Aidt. I en slik begravelse var det svigerinna som spilte fiolin og viste sine følelser. Vi som ikke kan spille fiolin, må bruke ordene for å få fram følelsene våre, som gode forfattere kan og som Naja Marie Aidt har gjort her.»
I oppgåveteksten tillét eg meg sjølv å omtale løysingsboka som eit meisterverk. Treng de fleire oppmodingar, høyr på Kari Rekdal: «Som boklækjaren skriver, den er både fantastisk og vond, men allikevel glitrende.»
Boklækjaren gav hinta på oppgåve 1327, og desse flinke gav rett svar tilbake: Laurits Killingbergtrø, Gunn Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Torleiv Kløve, Tor Inge Myren, Jon Grepstad, Birte Næsheim, Per Skjæveland, Olav Holten, Robert Øfsti, Inger Anne Hammervoll, Ola Sletvold, Ståle Ritland, Eli Hegna, Sjur Joakim Fretheim, Kari Lønning og Ottar Aarø, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnar Bæra, Tine Dahl, Petter Kristensen, Ingvar Nistad, John Olav Johnsen, Nils Ottesen, Sissel Gunnarshaug, Lilly Anita Grimstad, Marit Lindberg, Sigrid Hiller, Gudlaug Nedrelid, Kari Rekdal, Truls Johan Horsberg Hoff, Anne Berit Skaarer, Kirsten Bakke, Audun Gjengedal, Jan Alfred Sørensen, Else Bovim, Odd Storsæter, Ragnhild Eggen, Else Gjesdahl Sørensen, Ingebjørg Sogge, Bjørn Gjermundsen, Hallgeir Dale, Torleik Stegane, Gjertrud Fanebust, Eirik Holten, Marianne Dahl, Jarle Fanebust, Turid Tirevold, Folke Kjelleberg, Fritjof Lampe, Inger Margrethe Berge, Per Trygve Karstensen, Rannveig Nordhagen, Anne-Marie Grønhaug, Tordis og Rigmor, Tvillingene, Eva Sunde og Olav Molven. I dag er det Robert Øfsti som får bokpremie i posten. Gratulerer!
Klok på bok 1329
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.