Klok på bok

Lesing av Lessing

Publisert Sist oppdatert

I dag byrjar me med ei enkel gåte her i bokhjørnet: Kva er den mest naturlege drykken for folk som løyser Klok på bok-oppgåvene? Svaret finn du nedst i spalta.

For at me skal unngå påstandar om demokratisk underskot i spalta du les no, inviterer me denne gongen til ei lesarundersøking. I bokstova sit me i desse dagar og pønskar på årets versjon av den tradisjonsrike Hamsun-kvissen til juleutgåva av Dag og Tid. Tradisjonen byrja sist år, og vanen tru vert det også i år ti små oppgåver knytte til forfattarskapen til Store-Knut. Me trur lesarane har godt av litt ekstra hjernemosjon i mellomjula, men om det kjem kraftige protestar frå tilstrekkeleg mange, vel, så vert det nok Hamsun-kviss uansett.

Ingebjørg Sogge er ein påliteleg innsendar, og svaret hennar på oppgåve 1364 lyder: «Var du ung på 1970-talet og ville vera nokolunde oppegåande, kom du ikkje utanom forfattaren og den politiske aktivisten Doris Lessing. I lag med Simone de Beauvoir og Sylvia Plath var ho eit underforstått pensum for yngre kvinner. Ikkje at det var noko offer; Det synger i gresset (vakker tittel!), bøkene om Martha Quest og ikkje minst Den gylne notatbok var fascinerande litteratur og gjorde eit sterkt og varig inntrykk på ein heil generasjon. Med si kontroversielle og originale tilnærming til tidstypiske tema som kjønn, rase, makt og marxisme fekk ho rolla som augeopnar og feministisk frontfigur. Så gjorde ho til manges forundring ein litterær sving ut i verdsrommet (Canopus in Argos-bøkene), men vende tilbake til jordiske realitetar og dagsaktuelle emne i Den gode terroristen. Kan terroristar vera gode? Tittelen er nok ironisk. Bestemanns barn Alice (far Cedric Mellings) er i den grad velmeinande og omsorgsfull at ho hamnar i den tradisjonelle kvinnefella som bakkemannskap for amatørrevolusjonære aktivistar i eit okkupert hus i London. Men ho bidrar like fullt til at historia endar med bomber og tragisk død, og kan ikkje frikjennast sjølv om ho har mange tilsynelatande gode eigenskapar. Doris Lessing sjølv trekte seg tilbake frå politisk aktivitet, men slutta aldri å utfordre vedtekne sanningar og borgarlege verdiar i bøkene sine. Kanskje var dette grunnen til at det tok så lang tid før ho fekk Nobel-prisen. Da han endeleg var eit faktum, fortalde ho journalistane at ho hadde gløymt heile utdelinga, ho var vant til ikkje å vinne. Og nobelforedraget hennar heitte ’On not winning the Noble price’.»

Det var delte meiningar om løysingsboka denne gongen. No er det ikkje berre Dag og Tid- lesarane si lesing av Lessing som sprikar, usemje var det òg hjå kritikarane i England då boka kom ut i 1985. Nokre meinte romanen var grå og keisam, medan andre omtalte han som briljant. Kor som er vart The good terrorist nominert til Bookerprisen, og spør de boklækjaren, er eg samd med Tor Inge Myren, som skriv: «Utruleg at den gamle dama kan skrive så ungdommeleg og innsiktsfullt!»

Her er namnelista på kloke folk som fann løysinga på oppgåve 1364: Petter Kristensen, Gunn Bull-Berg, Torleiv Kløve, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunder Runde, Ståle Ritland, Eli Winjum, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Røyset, Brith Stensen, Tor Inge Myren, Per Skjæveland, Inger Anne Hammervoll, Eli Hegna, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Ottesen, Else Bovim, Ragnhild Eggen, Birte Næsheim, Marit Lindberg, Tore Skjæveland, Truls Songstad, Ove Bjørkhaug, Odd Storsæter, Arnulf Kolstad, Audun Gjengedal, Janneken Øverland, Berit Horsberg, Kjell Helge Moe, Jan Alfred Sørensen, Gunnar Bæra, Else Gjesdahl Sørensen, Rannveig Nordhagen, Turid Tirevold, Christopher Messelt, Fritjof Lampe, Sigrid Hiller, Olav Molven, Truls Johan Horsberg Hoff, Ingvar Engen, Kari Marie Thorbjørnsen, Per Trygve Karstensen, Nils Farstad, Eirik Holten, Laura Killingbergtrø, Folke Kjelleberg, Asbjørg Apalset, Olav Holten, Torleik Stegane, Bjørn Gjermundsen, Rannveig Nordhagen, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim, Ingebjørg Sogge og Sonja N. Wæraas. I dag er Nils Farstad bokvinnar. Gratulerer!

Svaret på gåta i byrjinga av spalta er sjølvsagt at bokklokingar drikk gløgg. Hermed skriv eg ut resept på uavgrensa mengder gløgg til alle som leitar etter løysinga denne veka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement