No er det ikkje mange dagane att før juleførebuingane er over. Snart kan me sette oss og kvile, puste på ei stund. Nokre av lesarane vil nok dra krakken bortåt glaset og prøve å finne leia der julestjerna er, medan andre hiv seg over oppgåvene her i bokhjørnet. Denne gongen er det ikkje noko stress med å finne svara. Eg er i eit strålande julehumør, og i samråd med Nisse-Knut gjev eg dykk frist ut året med å leite fram løysinga på minst åtte av dei ti spørsmåla i Hamsun-kvissen.
Før me går i gang med kvissen, lyt me presentere svaret på oppgåve 1366. Sjur Joakim Fretheim skriv: «Sitatet i Kpb-1366 er henta frå Dante Alighieris meisterverk, Den guddommelige komedie. I utdraget frå komedien er Dante nett komen i snakk med Francesca, som han får auge på i andre krinsen i Helvetet. Der skal dei som i jordelivet mangla kontroll på den seksuelle hugen sin, dei som let seg freiste av lysta, houlvens syndar, pinast i all æve. Francesca flyg ikring der nede med verbroren sin Paolo, som ho elska. Dei sæle tider i jordelivet fekk ei brå vending då ektemannen hennar, Giovanni, broren til Paolo, drap dei båe i svartsjuke. Francesca fortel at vegen til dette helvetet dei er hamna i, byrja med at Paolo og ho las saman i ei bok om Lancelot. Når ein høyrer slikt, er det godt å vite at noko har endra seg sidan mellomalderen og at det gudskjelov i Dag og (i vår) Tid finst ein boklækjar som kan gje tips om fleire bøker, så ein ikkje vert låst slik i ei. Paolo og Francesca lyt elles trøyste seg med at historia deira gav Auguste Rodin inspirasjonen til å skape eit av meisterverka sine, ’Kysset’. Når Dante omsider stig ut or Helvete og fer vidare gjennom Skiringsheimen, tek han fatt på ferda gjennom sfærane i Paradis. I femtande sfæren, der Guds krigarar er plasserte, treffer han tippoldefaren sin, korsfararen som døydde i Palestina i kampen for Kristendommen mot Islam. Namnet på denne ættfaren er Cacciaguida degli Elisei. Eg takkar for guddomlege boktips og ynskjer ei sæl advent.»
Desse kom velberga fram til løysinga på oppgåve 1366: John Olav Johnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Janneken Øverland, Petter Kristensen, Torleiv Kløve, Olav Holten, Eli Hegna, Arve Elvik, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Ottesen, Randi Aamodt, Bjørn Myrvang, Truls Songstad, Jorunn Røyset, Birte Næsheim, Truls Johan Horsberg Hoff, Eli Winjum, Sjur Joakim Fretheim, Robert Haugen, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Kjell Helge Moe, Per Skjæveland, Eirik Holten, Turid Tirevold, Ingebjørg Sogge, Per Trygve Karstensen, Ove Bjørkhaug, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Rannveig Nordhagen, Arnulf Kolstad, Tvillingene, Folke Kjelleberg, Ole-Mikal Nilsen, Audun Gjengedal, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Tore Skjæveland, Olav Molven og Fritjof Lampe. Grublaren Gunder Runde vart siste bokvinnar i 2018. Gratulerer!
Takk til alle lesarane, uansett om de med ei tilfreds mine sender inn rett svar veke etter veke, eller om de sit heime med eit underfundig smil når de har funne løysinga. Det har vore gildt å vera boklækjar i år, og no har eg forlenga turnusen med bladstyraren, så: Eg kjem til å stå her, eg, seddu. Hugs no berre på dette i det nye året: Den sikraste garantien for fine timar og dagar finn me i gode bøker.
Her frå bokstova vil Klok-redaksjonen, saman med Store-Knut, ynskje dykk alle ei fredfylt høgtid og eit framifrå 2019.
Klok på bok 1368
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.