– Kvar er draumemannen?Ærleg talt har eg vegra for meg å skrive til deg. Eg synest det er hardt å vedgå at eg ynskjer meg ein mann i livet att. All erfaring seier at det ikkje kan gå bra, men kan eg la vere å følgje håpet om å møte draumemannen?

Drøym deg vekk.
Drøym deg vekk.
Publisert

God dag, Signe!

Eg har lenge kvidd meg for å skrive til deg, men tida går, og eg er redd for at eg aldri kjem til å møte draumemannen. Eg kjenner til dei som har fått seg kjærast på nettet, men eg vert galen av å tolke det som blir skrive, og det som ikkje blir skrive. Kvifor tek det så lang tid før han svarer? Kvifor vil han ikkje møte meg? Kan det vere nynorsken?

Helsing «Skild (47)»

Gode «Skild (47)»

Ja, no spør du rette kvinnfolket! Eg har ikkje teke i ein mann på 23 år, ni månader, sju dagar og elleve timar. (Ja ja, det siste kjem an på av kva tid du får avisa.) Likevel skjønar eg otten for å verte verande åleine. Når det er sagt, slår eg kaldt vatn i blodet på deg: I jakta på den rette finst det mange galne. Ein eg trefte, skrytte av at han fekk i seg fem om dagen. Det viste seg å vere tre halvlitrar og to vinflasker.

Nei, faren for å hamne i ein tap–tap-situasjon er stor. Du kan sjølvsagt vere heldig på nettet, men mange pyntar profilen og gjeter fleire sauer på same tid – og det gjeld begge kjønn. Når han du har peika ut, ikkje svarer, må du berre innsjå at han ikkje er interessert. Sei det høgt: Han er ikkje interessert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement