I dag vil Klok-redaksjonen ynskje velkommen med eit underfundig råd frå den amerikanske forfattaren Kurt Vonnegut. Han skreiv: «Ver varsam med kven du gjev deg ut for, av di du er den du gjev deg ut for.»
Der trur eg nok me fekk noko å tenkje på. Mykje å tenkje på var det òg for oppgåveløysarane på oppgåve 1560. Den vidgjetne Hamsun-kvissen ser ut til å vere noko fleire og fleire lesarar set pris på. Ein stor takk til innsendarane for alle lovorda om Store-Knut. Dessutan er det triveleg at me får merksemd frå Hamsun-Selskapet, som også i år presenterte Klok på bok-spalta på heimesida til jul.
No kan me ikkje vente lenger, og det er Gunder Runde som får æra av å avsløre dei rette svara på oppgåve 1560. Han skriv: «Julefeiring i Oslo-gryta: Der er utgangspunktet for Klok på Knut best lagt til rettes i Fetsund-avdelinga: Eldstedottera har alt på stell: abonnement på Dag og Tid, i tillegg til Hamsuns verk i samling. Når det i tillegg er her julekveldsmåltidet skal inntakast, er det enkelt: besten på plass i armlengds avstand til Hamsun, med Dag og Tid på fanget. Også i år er ambisjonen 10 av 10, og før pinnekjøtet er kome på bordet, har eg plassert 8 av dei 10. Her kjem lista:
1: Den uheldige skipper Skåro er førar for båten «Måsen».
2: Eg bladde og bladde i I Æventyrland, og sjølvsagt kom løysinga på absolutt siste side. Konjakkflaska kom frå byen Odessa, dessverre eit namn som gir utrivelege assosiasjonar i dag.
3: Hovudpersonen i Sult finn i halvsvevn fram til eit ord ’av stor grammatikalsk betydning’, nemleg kuboå. Og ’hvem har sagt at det skulle bety dyrskue?’
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.