Klok på KnutI dag tar me det viktigaste først: Boklækjaren ynskjer alle som les dette, eit særs godt nyttår. Eg vonar de i året som kjem, får medvind når de treng det, og at de held ut når det blæs nordavind frå alle kantar. Ei påliteleg kjelde hos Meteoro
I dag tar me det viktigaste først: Boklækjaren ynskjer alle som les dette, eit særs godt nyttår. Eg vonar de i året som kjem, får medvind når de treng det, og at de held ut når det blæs nordavind frå alle kantar. Ei påliteleg kjelde hos Meteorologisk institutt har forresten røpa at ifylgje prognosane kjem 2018 til å bli eit normalår når det kjem til mot- og medvind. Når kjelda tilføyer at det kan vere store individuelle variasjonar, veit eg ikkje kor stor verdi avsløringa har, men no har eg sendt henne vidare.
Det er ikkje mi oppgåve å seie noko om det som gjekk føre seg på den politiske scena i 2017, verken positivt (#MeToo) eller negativt (Donald Trump), så der må eg heller teie. Når det kjem til samspelet her i det gåtefulle, kan eg vel seie såpass at det har vore eit år der det jamt over har vore lite gnissing mellom oppgåveløysarar og boklækjar. Når nokre synest at oppgåva er for lett, er det andre som synest ho er for vanskeleg. Når nokre koser seg med å gruble over nobelprisvinnarar og årstal som byrjar på ein tysdag, er det nokre som irriterer seg. Slik må det vere. Men at Winston Churchill var svensk, kan me vel samrøystes sjå bort frå.
Denne utgåva av Klok på bok er skriven før redaksjonen i Dag og Tid tok ein velfortent juleferie. Difor vert ikkje alt som det plar denne gongen. Løysing og namn på klokingane på oppgåve 1318 og 1319 kjem først 5. januar neste år. Dei av dykk som er kyndige i kvantitative storleikar, forstår dette når de granskar desember månad i kalenderen. Me lyt halde oss til svarfristen på oppgåva, som er ei veke frå utgjevingsdato, og då kan det ikkje verte annleis. Som kjent: Det er når det ikkje kan vere annleis, at ein slår seg til ro med at det er som det er.
Ei anna kjensgjerning er at for folk som skriv, er det ikkje mykje i verda som gjev meir heider og ære, enn å vere løysingsforfattar i Klok på bok. Eit døme på kor stas det er, såg me då Olaug Nilssen var løysing i spalta her i januar. På Facebook skreiv ho: «Etter snart 20 år som forfattar er det framleis lite som gjer meg så stolt og sjølvnøgd som å vere løysinga i Klok på bok i Dag og Tid.»
Kan hende er Nobelprisen i litteratur eit lite hakk over å vere løysingsforfattar i Klok på bok. Det hindrar no ikkje Hamsun frå å masa om merksemd. Eg har ikkje tal på kor mange gonger Knut har ymta frampå om at no må det vel snart vere hans tur. Når boklækjaren har forsøkt å forklare han om søkjemaskiner, og kor lett det er å finne fram til sitat frå bøkene han har skrive, får eg same responsen kvar gong: «Jeg estimerer ikke dette guggel!» So vert det tystnad i bokstova.
Eg vil ikkje skulda på samvitet, men eg trivst best med harmoni i heimen. Difor, som ei kompromissløysing, har eg denne gongen laga ein kviss om Knut til oppgåveløysarane. Eg trur de har godt av litt hjernetrim i slutten av romjula og over nyttår, så her kjem ti spørsmål frå forfattarskapet til Hamsun. Eg vil ha rett løysing på minst åtte av dei før eg godkjenner svaret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.