Klok kattI desse dystre juletider er det godt å ha katt. Ikkje at eg har katt, men eg har naboar som har katt, og slik ein låner kvitløk og ketsjup, blir det ein del kattelån. (Ikkje at ein går på døra og spør: «Unnskyld, eg står og lagar mat, og eg er tom
Som du ser, les yndlingsnabokatten for tida ei bok av Hanya Yanagihara. Her kjeftar han på meg fordi eg tok bilete av han. Han vil ha fred, og vil ikkje i avisa. (Men du skulle sett han etterpå, då eg sette på den nye plata til Honningbarna. Han hoppa rundt som ein galen, særleg til «Haster som faen», og prøvde å rive meg overende.)
I desse dystre juletider er det godt å ha katt. Ikkje at eg har katt, men eg har naboar som har katt, og slik ein låner kvitløk og ketsjup, blir det ein del kattelån. (Ikkje at ein går på døra og spør: «Unnskyld, eg står og lagar mat, og eg er tom for katt. Har du litt katt eg kan låne?» Dette kan nemleg føre til forvirring, då «katt» har omtrent same uttale som «kaht», som enkelte tygg, sjølv om det er forbode. Men nok om det. Eg må henge i, for eg skal på årets julebord nr. 23.)) Nei, det er heller slik at katten låner meg. Han kjem pilande idet eg låser opp ytterdøra; han frys, og eg luktar buffé, det vil seie ei blanding av julethai, juleindisk og juletapas. Vel inne set katten seg framfor meg, same kor eg går, og stirar på meg. Det er koseleg. Og i går oppdaga eg at yndlingsnabokatten min kan snakke.
– Er du svolten? spurde eg, smørblid, slik ein skal vere når ein snakkar til dyr og barn.
– Mja, svarte han.
– Jøss. Det høyrdest ut som om du sa «ja», og ikkje berre «mjau». Kan du snakke?
– Ja, mjaua han, og no sa blikket: «Du er ikkje den skarpaste kniven i skuffa, men du veit at eg ute etter mat, ikkje prat.»
Så eg opna kattematskuffa, og katten hoppa opp på kjøkkenbenken, slik at vi lettare kunne sjå kvarandre inn i auga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.