KjempesjuktFor ganske nøyaktig eit par månader sidan spurde Innsida-Guri (pent) om ikkje idrettsutøvarar kan slutte å seie at det er «heilt sjukt» og «sinnssjukt» at dei vann. Dei kan heller seie at det er «friskt».
Er ein svært snørrete, er det sikkert innanfor å seie at det er sjukt å vinne, men der går grensa. Her har Marcus Hellner vunne, trur eg. Sprekt.
Foto: Håkon Mosvold Larsen
For ganske nøyaktig eit par månader sidan spurde Innsida-Guri (pent) om ikkje idrettsutøvarar kan slutte å seie at det er «heilt sjukt» og «sinnssjukt» at dei vann. Dei kan heller seie at det er «friskt».
Godt spurt, seier eg, og sender mikrofonen vidare til årets The Voice-deltakarar: Når programleiaren – Øyvind, heiter han, og han gret sikkert då han blei fødd, fordi han ante at han og dommar Morten (Harket) kom til å få dårleg kjemi – seier at «i dag står du her, på scena; kor sjukt er ikkje det», skal du ikkje svare at «det er berre heilt ... kjempesjukt».
Nei, sei heller at det å vinne er «moro», «ei ære» eller «fabelaktig». Vi har mange ord å ta av. «Gjævt». «Gildt». «Drusteleg». Eventuelt kan du berre himle med auga, fnise eller gjespe.
Toillot
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.