Klok på bok

Kjellsord

Publisert

Dei siste vekene har det vore mykje sjølvskryt i spalta du les no. Fyrst var det Nobelprisen i litteratur for i år, som jo etter sterkt påtrykk frå Klok-redaksjonen gjekk til Annie Ernaux. Førre veka var det så Brageprisen, der kravet til dei nominerte denne gongen var at dei måtte ha vore løysingsforfattarar her i bokhjørnet.

Sidan me alt har brukt, eller misbrukt, kvota for vellæte over oss sjølv, vil me ikkje seie noko om vinnaren av Nordisk råds litteraturpris 2022. At ho er dansk, heiter Solvej Balle, og at ho var løysinga på ei oppgåve her sist haust, vel, det lyt de lese om ein annan stad.

Så dette: Då boklækjaren flytta inn i bokstova, var det mellom anna med eit mål om å presentere ein ny løysingsforfattar kvar veke. I mi tid har me funne fram til godt over 300 forskjellige forfattarar til lesarane. At alle oppgåvene har vore med bøker av høg skjønnlitterær kvalitet, er noko dei fleste, ikkje minst i Klok-redaksjonen, kan vere samde om. Men no er det slik at flinke forfattarar ofte har meir enn éi god bok i seg. Difor har boklækjaren bestemt at lesarane framover kan risikere at me tek med ei bok av ein forfattar som tidlegare har vore med her hos oss. Det same verket kjem sjølvsagt ikkje tilbake som oppgåve, me er ikkje så i beit at me berre kjem til å snu bunken. Me voner lesarane lever vel med å få presentert meir enn eitt verk frå dei finaste forfattarane.

Så til løysinga me skulle fram til i dag. Gunder Runde skriv: «Denne gongen nyttar det ikkje med Årets bøker, så då må eg finne ein annan inngangsportal. Lite tips i dag, det vil truleg seie at eg må lese spesielt grundig det vesle som står i utdraget frå boka. Eg grip fatt i dei to omgrepa ’prisverdig’ og ’forfattar frå Norden’. Kan det vere så enkelt at løysinga gjeld ein vinnar av Nordisk litteraturpris? Eg går inn på den aktuelle lista mi og finn at prisvinnaren for 2014 var finske Kjell Westö, og at boka heiter Svik 38. Og denne gongen finst boka tilgjengeleg på den vidgjetne bokbitsida. Eg låner boka, slår opp på epilogen og finn at sitatet i Kpb er dei aller siste orda i denne boka. Dermed er grunnlaget klart for å leite etter den utrivelege systersonen. Og det fann eg ganske snart ut var Rolf-Åke Hansell, medeigar i advokatfirmaet Thune & Hansell. Hovudpersonen i boka er Claes Thune, og det er særleg sekretæren i firmaet, Matilda Wiik, som er utsett for Rolf-Åke sine negative sider. Matilda slit med vonde inntrykk frå den finske innbyrdeskrigen (1918), og det endar tragisk med henne. Eg hadde i grunnen tenkt å lese heile boka, men når eg ser på notata mine over haustens bøker som eg lese, finn eg ut at eg nok bør prioritere annleis. Så Westö får stille seg på venteliste til eit seinare høve.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Kjell Westö er ein strålande forfattar.»

Camilla Høvik skriv: «Denne boka likte eg godt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement