Kjærleik gjer blindVel heime etter tre veker i Liguria er det fyrst og fremst Middelhavet eg saknar. Og dei gjestmilde italienarane. Og den gode maten. Og god vin til under to euro for ei flaske. Og dei late dagane der ein ligg på ei strand og ikkje

Publisert

Vel heime etter tre veker i Liguria er det fyrst og fremst Middelhavet eg saknar. Og dei gjestmilde italienarane. Og den gode maten. Og god vin til under to euro for ei flaske. Og dei late dagane der ein ligg på ei strand og ikkje skal noko anna enn å lesa i ei god bok.

Sjølvsagt kan det verte for mykje av det gode, også i Italia. Det kan verte for mange varme dagar og for mykje god mat. Kan hende finst det òg folk som vil meine at det vart for mykje god vin i den ljose sommarnatta me ikkje skal sova bort. Men no, når saknaden er som sterkast, er eg freista til å fastslå at for mykje av det gode, er ein god ting.

Me lyt vidare frå melankoli og saknad til løysinga på oppgåve 1348. Torleik Stegane skriv: «Denne gongen handlar det om Margaret Eleanor Atwood og ei av dei mange bøkene hennar. Forfattaren er fødd 18. november 1939 i Ottawa og skriv både prosa og lyrikk. Boktittel: Den blinde morderen. For denne boka fekk ho Bookerprisen. Forteljar er Iris Griffen. Ho er ei kvinne i 80-åra. Sjuk, einsam og fattig. Livet har på ingen måte vore ein dans på roser for Iris, men ho er ikkje klar til å leggje inn årene før ho har skrive si eiga familiehistorie. Kanskje kjem barnebarnet heim ein dag og les det ho har skrive. Kanskje vil det lette trykket som førte Sabrina ut i den store verda. Iris vonar på det.»

Den standhaftige tinnsoldat Olav Molven er ikkje ein som bøyer seg i motgang. Han skriv: «Italiafarande, boklege og påhittande Medikus Libri! Her er eg att med eit langt fyldigare svar enn sist. Og eg røpar gjerne for Dykk at ein god, forstandig ven etterlyste meg i går av di han sakna namnet mitt i spalta. Då fekk eg høve til å fortelje at eg sjølvsagt løyser alle oppgåver, men når ikkje fram til podiet utan å følgje krava til punkt og prikke. Medikusen lèt seg aldri overtyde via utfordrande, kuriøse omvegar! Fy søren! Vel, eg kan no sjølvsagt leggje i veg med ei lengre utgreiing om korleis eg kom fram til Den blinde morderen av Margaret Atwood. Men det var den enkle delen av oppgåva. Langt verre var det å skaffe seg sjølve verket. Eg måtte fare til eit anna lokalt bibliotek, med bane og buss, før eg sat med boka mellom hendene og kunne leite etter denne fordømte dotterdottera som De etterlyser. Trudde nemleg først det var Margaret A. si dotter (f. 1976) som i svært ung alder hadde avla eit barn. Men eg fann slett ikkje noko slikt avkom. Dermed sat eg att med spørsmålet: Utkropen oppgåvetekst? Og faktisk kan tekst – og bok – lesast slik at det er tale om at mormor Iris C.Griffin skriv til det vakre, unge mennesket Sabrina Griffin! Konklusjon: Utan boka mellom hendene hadde eg ikkje orka å svare på meir enn Margaret Atwood og boknamnet. God helg! Store alpakka!»

Privatdetektivane som fann løysinga på oppgåve 1348, var: Torleiv Kløve, Gunn Bull-Berg, Sverre Hetland, Sjur Joakim Fretheim, Eli Winjum, Per Skjæveland, Tor Inge Myren, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Gunder Runde, Christopher Messelt, Eirik Holten, Olav Holten, Tvillingene, Jorunn Røyset, Nils Ottesen, Inger Anne Hammervoll, Rannveig Nordhagen, Ingvar Engen, Eli Hegna, Kirsten Bakke, Gunnar Bæra, Torleik Stegane, John Olav Johnsen, Truls Johan Horsberg Hoff, Bjørn Gjermundsen, Else Bovim, Fritjof Lampe, Marit Lindberg, Eva Sunde, Inger Margrethe Berge, Petter Kristensen, Robert Øfsti, Folke Kjelleberg, Gunnhild Strømnes, Ingebjørg Sogge, Jon Grepstad, Olav Molven og Olav Larsen. Bokvinnar i dag er Ingvar Engen. Gratulerer!

Klok på bok 1350

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement