Klok på bok

Jon og Knut

Publisert Sist oppdatert

Mykje har vore på skakke i året som no går mot slutten. At det likevel finst noko som kan vere i vater i verda, fekk me prov på 5. oktober. Endeleg hadde svenskane somla seg til å lese Jon Fosse, og så var ventetida over.

Det er vanskeleg å vete kva Knut Hamsun ville sagt om diktinga til Fosse. Motsett veg er det ikkje tvil om at Jon set stor pris på forfattarskapen til Knut. På heimesida til Hamsun-Selskapet kom me over eit fint intervju med Fosse. Til Knut J. Michelsen seier han mellom anna: «Eg er svært oppteken av diktinga til Hamsun.» Og: «Eg har hatt glede av alle Hamsun-bøkene eg har lese.»

Her i bokstova vil me ynskje alle lesarane ei harmonisk høgtid og eit godt nytt år.

Før me pakkar ut årets kviss med Knut, skal me sjå på løysinga me skulle fram til i dag. Folke Kjelleberg skriv: «Oppgåva er eit sitat frå romanen Broen over Drina, utgjeven på Cappelen i 1960 og omsett frå tysk av Waldemar Brøgger. Originalen vart gjeven ut i 1945. Forfattaren, som vann Nobelprisen i 1961, er jugoslaviske Ivo Andric, fødd i Bosnia i dåverande Austerrike-Ungarn. Han døydde i Beograd i noverande Serbia i 1975, det året då finske Hannu Salama vann Nordisk råds litteraturpris. Det tyske namnet på hotellet som er omtala i romanen, er Hotel zur Brücke.»

Inge Strand skriv: «Triveleg gjenmøte med Ivo Andrics store verk Broen over Drina. Møtet mitt med denne boka seint i tenåra gjorde sterkt inntrykk og var nok medverkande til at historie seinare vart faget mitt. I skjeringspunktet mellom ulike religionar, kulturar og herskarregime blir brua i Višegrad ein sentral arena for ei 600 år lang forteljing i Andric si bok, og eg minnest framleis mykje frå henne.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Ivo Andric fekk Nobelprisen for verket. Det forstår vi godt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement