JobbsøkarkursLiker du sosiologi, er polet ein bra stad. Her ein dag, då eg såg på vinflasker på jakt etter den beste, men billigaste, høyrde eg ein fyr kviskre syngande til seg sjølv på andre sida av hylla: «Eg er ikkje full, eg er edru, eg er ikkje full,
Liker du sosiologi, er polet ein bra stad. Her ein dag, då eg såg på vinflasker på jakt etter den beste, men billigaste, høyrde eg ein fyr kviskre syngande til seg sjølv på andre sida av hylla: «Eg er ikkje full, eg er edru, eg er ikkje full, eg er edru.» Samtidig argumenterte den tilsette i kassa hardt for at ein kunde ikkje trong plastpose til vinflaska; kunden kunne ha flaska i lomma, eller i handa. I det same kom ein kar strenande mot meg, smilande og målretta. «Tørst, stakkar», sukka eg. Men nei, han var ikkje ute etter sprit; han beina bort til ein tilsett som stod og plasserte flasker i ei hylle.
– Hei, sa han. – Eg treng jobb.
– Vel, sa den tilsette. – No er ikkje eg leiar her, så eg avgjer ikkje slikt, men ...
– Det er ikkje eg som treng jobb. Det er kona. Eg henta henne i England i går. Ho har jobba der. Ho jobbar bra. Ho kan mange språk. Litauisk, fransk, tysk ...
Mannen, som eg heretter vil kalle gladlaksen, snakka gebrokkent, men godt nok. Han såg pakistansk ut, eller indisk, eller tamilsk. Bangladeshisk? Kanskje afghansk? Irsk? Tysk? I handa hadde han eit A4-ark.
– Kan kona di norsk? spurde den tilsette, passe blid og høfleg. (Vinmonopolet skårar som du veit alltid skyhøgt på service i alle undersøkingar som finst.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.