Ah! Endeleg ei ny Innside! Finst det noka glede som kan samanliknast med å setje seg ned framfor EDB-maskina, saman med ein raus kopp irsk brennevin, og begynne på ei Innside, i vissa om at dette kjem til å bli folkelesnad. Truleg ikkje. Kva kjem eg til å finne på denne gongen? Kva for reiser har eg vore ute på sidan sist? Kva for tankar har eg tenkt? Korleis er helsa? Den som lever, får sjå. Sidan sist har eg mellom anna vore på ein lærerik tur til Irland, og det skulle ikkje forundre meg om denne Innsida kjem til å bere litt preg av det. Så: Willkommen, bienvenu, welcome!
Ein får vel berre seie det som det er: Når menn kjem opp i ein viss alder, har mange av dei ein tendens til å utvide seg litt i det ein kan kalle mageregionen. Dette er ei heilt naturleg utvikling, og dermed ikkje noko gale i, men spørsmålet mitt er: Kvifor synest ein såpass stor prosent av desse mennene at det no er tida for å kle på seg åletronge genserar, slik at magen verkeleg skal komme til sin rett? Særleg dersom ein er programleiar eller har andre funksjonar i eit TV-program? Hadde eg hatt dette problemet (som eg sjølvsagt ikkje har, og som før nemnt ikkje eigentleg er eit problem), ville eg kledd meg i ein vid og slomsete genser eller aller helst i ei vid og stilig jakke. Eg ventar ikkje eigentleg noko svar, men om nokon der ute kjenner seg kalla til å svare, gjerne under psevdonym, så blir svaret mottatt med takk. Det blir likevel ikkje snakk om nokon premie i form av halvlodd i Pengelotteriet, berre så det er sagt.
Det er mange irske gudar, og alle har si oppgåve. Nokre av dei ser ein sjeldan eller aldri, andre kjenner ein pusten av på eit gatehjørne ein kveld det regner, men nokre få ser ein forholdsvis ofte, om ein berre vil. Desse høyrer til gjengjeld gjerne med til dei meir ukjende gudane, og dei blandar seg ofte med vanlege folk på pubane. To av desse lite kjende er Paddy, whiskeyens gud, og Arthur, Guinnessens gud. Dei held ofte saman, går jamt i vanlege klede (mørke dressar med klokkekjede på magen og sixpence) og sit oftast i ei krå inst i puben når vi kjem inn. Dei kan tilsynelatande verke uforstyrrelege, men spanderer gjerne ein runde om vi nærmar oss og viser at vi drar kjensel på dei. Dei syng også gjerne songen om Mountains of Mourne, tostemt og litt rustent, og fortel at folk ikkje bryr seg så mykje med dei gamle irske gudane lenger, og at det sikkert er naturleg, men at dei ikkje heilt kan trekke seg tilbake av den grunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.