I dag vil me ikkje nemne Poesifestivalen i Ulvik med eit einaste ord i spalta du les no. Me hoppar elegant over at festivalen går føre seg 9.–11. september. At boklækjaren står for ein kviss om Olav H. Hauge laurdag kveld i fruktbygda, er heller ikkje noko me vil gjere eit nummer av.
Apropos Hauge kom eg over ein fin filmsnutt med diktarhøvdingen på internettet. Der freista han å seie noko om kva poesi er for noko. Hauge kjem diverre, eller heldigvis, ikkje fram til ein krystallklår definisjon, men eg beit meg merke i at han meinte at det som er poesi for éin, ikkje nødvendigvis er poesi for ein annan. Så kjem det eit framifrå døme på påstanden: «For ein slik ein som Isak Sellanraa, var det sikkert poesi i bruksanvisningane på slåmaskinen. For han var det stor poesi.» Det er ikkje veldig vanskeleg å vere glad i Olav H. Hauge.
Så til løysinga denne gongen. Gunder Runde skriv: «Bortsett frå utgjevingsåret for dagens bok er det lite handfast å finne som kan vere til hjelp i bokgåta denne veka. Så då må ein til med finlesing av tekstutdraget: 1) Ein såkalla ’eg-roman’, med kvinneleg hovudperson (faren ville nok ha brukt ’skyggebror’ dersom han tala til ein mann). Utan at det er heilt klart, så har eg nok ei kjensle av at romanen har ein viss sjølvbiografisk tone. 2) Ein far med språkleg originalitet, samtidig poetisk, både i oppbygging og i ordval. Forfattar, eller noko som liknar… Det gløder så vidt i tampen, for å få full fyr må eg sjekke den boka eg tenkjer på. I vårt hus er det alltid eitt eller to lad av nylesne/’skal snart lese’-bøker. Ein venlegsinna representant for slumpelukko (jf. Sivle) har ordna det slik at nett denne boka ligg i eit slikt lad. Rask (og truleg unødvendig) blading til s. 236 fastset resultatet: Jente, 1983 av Linn Ullmann (f. 1966, dvs. 16–17 år gamal i 1983, noko som stemmer godt med handlinga i boka). Heilt frå debuten i 1998 (Før jegsovner) har Linn Ullmann hausta lovord i alt som heiter bokmeldingar, krydra med terningkast 6 og 5. Såleis også for denne boka, som eg no har lagt øvst i bunken av ’skal snart lese’-bøker. Ullmann har gitt ut i alt 7 romanar, og har mottatt (eller vore nominert til) ei rekkje prisar, både her i landet og utanlands. Ho gjer ikkje skam på opphavet sitt, dei verdskjende kunstnarane Liv Ullmann og Ingmar Bergman, og har truleg overtatt ein god del gen frå desse to!»
Torleik Stegane skriv: «Fin timing når det gjeld forfattar. Ho har nettopp teke imot gjæv pris frå Aschehoug forlag.»
Eli Hegna skriv: «Tydeligvis en svært etterspurt roman – 747 lånere på venteliste på Deichman, så jeg.»
Marit Vardehaug skriv: «En meget sterk leseopplevelse.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.