I hamn med HamsunI dag skal oppgåveløysarane vete at eg er takksam, og at eg har rosande ord til dykk. Takksemda kjem av alle dei fine helsingane eg fekk i høve årsskiftet, og at det ikkje vart knute på tråden mellom oss då eg presenterte ein uortodoks
I dag skal oppgåveløysarane vete at eg er takksam, og at eg har rosande ord til dykk. Takksemda kjem av alle dei fine helsingane eg fekk i høve årsskiftet, og at det ikkje vart knute på tråden mellom oss då eg presenterte ein uortodoks Hamsun-kviss som oppgåve 1320. Eg var noko nervøs for responsen då eg sat og bala med spørsmåla, men sjeldan har eg hatt mindre grunn til å vere ottesam.
Laurits Killingbergtrø skriv: «Hamsun – herleg! Han har eg komplett i bokhylla. Denne gongen kan eg for ein gongs skyld tasle hyllelangs i håssalæståm heime og leite meg fram til svara.»
Også Gunder Runde var fornøgd: «Dette var ei kjekk avslutningsoppgåve 2017!»
Anne Berit Skaarer: «Dette er en konkurranse etter min smak, morsomt med litt detektivarbeid, og jeg ble virkelig inspirert til å lese Hamsun igjen.»
Ja, de er meg ein ypparleg gjeng, vyrde oppgåveløysarar. Heile 44 innsendarar tok seg bryet med å leita seg fram gjennom forfattarskapen til Knut, og av dei 44 var det 44 som hadde minst åtte riktige svar. Eg kan ikkje hugse at me har vore oppe i 100 prosent rette løysingar tidlegare, og eg er djupt imponert over klokskapen.
Ingvar Engen har verkeleg jobba med oppgåva og svaret frå han er laudabelt. På grunn av plassmangel må eg kutta litt i dei enkelte svara frå Ingvar. Han skriv:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.