Klok på bok
Hurra for høvdingen
Det er ikkje alltid slik at påskemorgon sløkkjer sorga. Av di me før påske gløymde å hugse at sjølvaste storskalden Ragnar Hovland kunne feire 70-årsdag på langfredag, sat me stadig i skam om morgonen første påskedag.
Det kjem alltid nye dagar, men der og då var det ikkje akkurat stemning for å sveve over vatna. Det var like før eg tok bussen til Peking saman med katten til Ivar Aasen.
Med støvlane fulle av salat vil boklækjaren ynskje høvdingen Hovland varmt til lykke med vel overstått 70-årsdag. På litt avstand liknar du framleis ein på 20.
Så til løysinga denne veka. Nokre treng ei gulrot for å ete meir vegetarisk. Andre treng Klok på bok for å lese meir polsk prosa. Audun Gjengedal skriv: «Takka vera Dag og Tid har eg no lese ei bok av ein polsk nobelprisvinnar.»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny gåte, Medikus; den lærte eg mykje av. Dei som kjenner meg, er ikkje imponerte over den litterære kunnskapen min, men meir over at eg er så utkropen til å snoke meg fram på nettet. Slik kom eg også denne gongen fram til forfattaren, som er Olga Tokarczuk frå Polen. Ho vann Nobelprisen i litteratur i 2018. Boka hennar frå 2018 i spalta vår har originaltittel Opowiadaniabizarne. Den norske omsetjinga frå 2020 ved Julia Wiedlocha har tittelen Bisarre fortellinger. Så var det å fare på byen og skaffe meg boka for å få sanksjonert valet mitt. Rett. Eg tok ho med på det lokale seniorsenteret (min andre heim) og gav meg til å lese for å finne ut om desse mystiske frimerka. Dei andre ved bordet hadde ikkje (liksom eg) høyrt om boka. Men så kjem det ei dame forbi som seier: ’Denne boka er fin; den har eg lese!’ Eg vart litt i fyr og flamme og informerte henne om denne Klok på bok-spalta i Dag og Tid. Eg bad henne også sende inn, gjerne med kommentar, sidan ho verka bokkunnig. Vi får sjå om ho kjem på lista om fjorten dagar. Vonlaust er det ikkje, for eg kan vel røpe så pass at ho er frå same landsdelen som vår flittige Gunder… Men det var desse frimerka, da. Gamle herr B. svimrar når han oppdagar at alle frimerke på både gamle og nye brev i huset er runde!»
Gunder Runde skriv: «Då var det kanskje på tide med ein nobelprisvinnar – ein av dei ferskaste, nemleg Olga Tokarczuk (fødd 1962, det vil seie same året som Nordisk råds litteraturpris vart utdelt for første gong, og då til ein annan nobelprisvinnar, nemleg Eivind Johnsson). Olga Tokarczuk har eg hatt stor glede av å lese. Eg trur eg har vore gjennom alle bøkene av henne som er komne på norsk. Særs allsidig, og med ein hang til det absurde som spritar opp bøkene hennar. I dag er det altså Bisarre fortellinger som er svaret på Kpb-gåta. Den forteljinga som utdraget er henta frå, heiter 'Sømmen', og det er filosoferinga over saumane på sokkane til hovudpersonen som har gitt namn til forteljinga. Den stakkars mannen slit på mange vis, og ikkje minst når han oppdagar at frimerka 'no for tida' er runde (som om det skulle vere ei skam).»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.