I dag er denne spalta sterkt inspirert av Kjell Aukrust og Flåklypa Tidende. I «Avisen med egen pakkedisk» skreiv sjefredaktør Frimand Pløsen med ujamne mellomrom små utgreiingar under tittelen «Humoranalyse». Redaktør Pløsen var ikkje nådig i desse analysane, særleg bergensaren Olram Slåpen fekk det glatte lag for dei humoristiske bidraga han sende inn til avisa.
No er det ikkje herr Slåpen, men ein fiktiv lesar som vil vere anonym, som har sendt ei litt artig gåte til oss her i bokstova. Gåta går slik:
– Kvifor slepp ikkje eplet inn i kjøleskåpet?
– Av di det står ein eplenektar i døra!
Frimand Pløsen ville nok ha sabla ned humoren i innlegget frå NN, kan hende med grunngjevinga at det er mjølk, og ikkje eplenektar, som står i døra til kjøleskåpet. Boklækjaren vil heller framheve at me her har nok eit døme på at mykje er meir morosamt på nynorsk.
Så til løysinga me skulle fram til denne gongen. Gunder Runde skriv: «Er litt seint ute denne veka – har vore (heilt) bortreist. Men fann ut at boka må vere Få meg på, for faen av Olaug Nilssen, som er fødd i 1977, dvs. det året Bo Carpelan fekk Nordisk råds litteraturpris. Boka er (sjølvsagt) ikkje tilgjengeleg på det lokale biblioteket, men eg tinga henne straks, for å få klarlagt den aktuelle finansministeren. Sidan boka framleis ikkje er komen til biblioteket vårt, må eg ta i bruk andre metodar. Det viser seg at NRK har liggande på nettet ei melding av Det Norske Teatrets versjon av boka (2007), og der står det at sjølvaste finansminister Kristin Halvorsen opptrer i stykket (rettnok på TV-skjerm). Boka kom ut i 2005 og er både filmatisert og altså oppført på teatret. Ho vekte nokså mykje oppsikt då ho kom ut, ikkje minst pga. tittelen (som er eit sitat frå eit fjernsynsopptak av NRK-korrespondent Knut Magnus Berge). Hovudpersonen Alma er seksuelt frustrert og rotar seg bort i ulike situasjonar av seksuell art. Men der er fleire viktige personar i boka enn Alma, særleg interessant er ’kona til Sebjørn’, 8-barns-mor som ikkje får særleg positiv respons frå verken mann eller born for den innsatsen ho gjer i heimen. Når hjørnesteinsbedrifta ’Skoddeheimens nepeforedling’ står i fare for å verte nedlagd, reiser ho til hovudstaden for å avverje denne katastrofen for bygda. Det er der ho kjem i kontakt med Kristin Halvorsen. Både boka, filmen og teaterstykket fekk strålande kritikkar, men Olaug Nilssen måtte tole mykje usømeleg omtale for boka. Seinare har ho gjort suksess med andre bøker og innsats på andre felt, mellom anna for hjelperåder for folk med born som har store handikap. Ein strålande forfattar!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.