Hugs HuxleyEin eller annan plass sit det kloke folk som har tyding av omgrep som arbeid. Det lyt vere ein alvorstung jobb utan rom for tull og tøys eller
Ein eller annan plass sit det kloke folk som har tyding av omgrep som arbeid. Det lyt vere ein alvorstung jobb utan rom for tull og tøys eller fake news. Eg plar lite på desse som gjev oss definisjonar og forklaringar på ord og uttrykk. Det er omtrent som å slå opp i fasiten når ein undersøkjer tydinga av eit ord i ordboka. Diverre er ingen ufeilbarleg, heller ikkje ordboka.
Det er definisjonen av ordet «vår», altso årstida som skal lage ein overgang frå vinter til sommar, som får fram skepsis og mistru hos meg. Ifylgje ordboka femner våren om månadane mars, april og mai, men kalenderen seier at me er godt ute i april månad, og det er ikkje teikn til liv i lundar eller lauv i li. Ljose dagar med lengting, liv og song er det heller ikkje nokon som har merka noko til.
Kan hende vert det ikkje betre om ein endrar definisjonen i ordboka, men noko må gjerast. Boklækjaren vil høyre vårsøg, og no kan det berre gå for langsamt med å få rett årstid på plass.
Så til løysinga på oppgåve 1331. Gunder Runde skriv: «I dag lyt eg starte poetisk:
’How beauteous mankind is!
O brave new world,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.